Bruk IT-kunnskapen din til å leia menneske for å løysa viktige samfunnsoppdrag!

Email
Kopier link
Del med
Seksjonssjef til PlattformtjenesterPlattformtjenester er ein av fem seksjonar på Infrastruktur og drift IT. Seksjonen har 23 medarbeidarar med svært god kompetanse. Organisasjonen vår er fullt ut teamorganisert og teama har ansvar for tenenesteleveransane, mens seksjonane har ansvar for medarbeidarane.

Vi har ansvar for drift og forvaltning av leveransar knytt til etaten sine internt drifta og skybaserte database-, applikasjonsserver- og overvåkingsløysingar.

Vi søkjer deg som er motivert for å leia medarbeidarane i seksjonen vår vidare! Stillinga inngår i leiargruppa til avdelingsdirektøren for Infrastruktur og drift IT. Moglege kontorstadar for stillinga er Drammen, Skien, eller Moss. Plattformtenester er spreidd over fleire kontorstader - samarbeid og leiing er difor både fysisk og elektronisk. Det er noko reising i stillinga. Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkja på leiarstillingar hos oss i Statens vegvesen IT.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for seksjonen sine medarbeidarar, med for tida sju ulike kontorstadar
  • Budsjett- og økonomiansvar i samarbeid med verksemds- og teamleiarar
  • Sikre at seksjonen har rett kompetanse til oppgåveløysing
  • Rapportering
  • Samarbeid med andre einingar i IT og fagdivisjonane i Statens vegvesen

 

I tillegg har vi behov innanfor følgjande område, og det er ønskjeleg med kompetanse i ein eller fleire av desse retningane:

  • Teambygging, -utvikling og -støtte
  • Smidig metodikk / smidig coach
  • Organisasjonsutvikling
  • Økonomioppfølging på overordna nivå
  • Test og testleiing innan infrastruktur og/eller utvikling av system
  • Offentlege innkjøp og oppfølging av leverandørar

KvalifikasjonarHøgare relevant IT-utdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

  • God forståing for fagområdet IT.
  • Erfaring frå personalleiing i eit IT-miljø.
  • Erfaring med å følgja opp leverandørar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er eit krav for stillinga.

Om du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi ønskjer oss ein leiar som

  • samarbeider godt med menneske med ulik bakgrunn og kompetanse
  • er ein effektiv kommunikator
  • blir motivert av å arbeide med samfunnskritiske digitale tenester
  • evner å sjå moglegheiter og ta initiativ
  • evner å ta til seg ny kunnskap

Stort engasjement og fagleg utviklingSom medarbeidar i Statens vegvesen blir du del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du får utvikla deg, fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar.

Me tilbyr

  • god opplæring, onboardingsprogram og fadderordning
  • gode høve for fagleg påfyll
  • godt arbeidsmiljø og universelt utforma kontorbygg med gode moglegheiter for individuell tilrettelegging om du treng hjelpemiddel i arbeidskvardagen
  • ein time trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • Lønn avtaler vi i samsvar med lønnspolitikken vår

Om søknadsprosessenPositiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at me løyser oppgåvene våre betre. Me ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CV'ein. Viss dette gjeld deg, oppmodar me deg til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Me vil naturlegvis leggja til rette for deg om du får jobben. Me bruker avkryssinga(e) til å velja ut dei rette kandidatane, og dessutan anonymisert statistikk.

 

Offentleg søkjarliste

Åpenhet og gjennomsiktighet i forvaltninga er viktig. Alle som søkjar hos oss står på offentleg søkjarliste, om dei ikkje oppgir ein god grunn for unntak. Ber du om unntak, tek me kontakt med deg viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.

Kontaktperson

Fleire opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Magne Sneltvedt, tlf. 906 54 659, e-post [email protected] eller seksjonssjef Siw Karinen, tlf. 950 58 795, e-post [email protected] Ta kontakt for ein triveleg prat!

Om arbeidsgiveren

 

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

 

Divisjon IT har ansvar for at digitaliseringa i Vegvesenet er framtidsretta, smidig og sikker på tvers av etaten sine fagområde. Divisjonen tek vare på utvikling av digitale kanalar og tenester, er ein partner for fagsida og ein pådrivar for innovasjon og utvikling av nye, brukarvennlege løysingar. Divisjonen har 310 medarbeidarar over heile landet, med hovudkontor i Drammen.

Infrastruktur og drift IT er Statens vegvesen sitt sentrale kompetansemiljø på drift av IT-løysningar og -tenester. Vi har ei stor portefølje av standard- og eigenutvikla system som vert drifta i felles datasentre, samtidig som vi har lokasjonar regionalt. Vår IT-strategi har som mål å gjera oss til ein føregangsetat innan offentleg sektor på levering av elektroniske tenester.

Arbeidssted
Søknadsfrist
05.06.2023
Bransje
Stillingstype
Arbeidsgiver
Statens Vegvesen
Kontaktperson
Magne Sneltvedt
Avdelingsdirektør
Telefon
906 54 659
Send søknad

Flere Stillinger