Foto: Tor Livius Midtbø/SD
Publisert
06.04.2021

65 millionar kroner til fylkesvegar for tømmertransport

– Fylkesvegane treng eit løft. Det har vi signalisert i ny Nasjonal transportplan og vi viste det allereie gjennom budsjettforhandlingane for 2020 og 2021. No følger vi opp desse forhandlingane og fordeler om lag 65 millionar kroner til utbetring av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport. Det vil gi betre vegar for både folk og næringstransport i heile Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

For 2021 er det sett av 20 millionar kroner til utbetringar av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport. I tillegg kjem det overførte midlar frå 2020 slik at det samla for 2021 blir utbetalt 46,9 millionar kroner. I tillegg er det for 2022 gitt tilsegn for 19,6 millionar kroner.

– Det har vore vanskeleg for fylkeskommunane å planlegge ferdig aktuelle prosjekt og gjennomføre bygginga. Derfor overførte vi ein stor del av løyvinga frå 2020 til 2021. Dette er til stor glede for tømmernæringa, seier Hareide.

Statens vegvesen har fordelt midlane basert på forslag frå fylkeskommunane:

Veg/bru Fylkeskommune Kostnads-overslag (mill. kr) Fordeling av midlar i mill. kr
      2021    2022
Fv 139 Fluberg hengebru Innlandet 17,2 10,2 7,0
Fv 417 Kvam Innlandet 2,7 2,7
Fv 210 Fossing Vestfold og Telemark 3,4 3,4
Fv 78 Fossen Agder 4,4
Fv 461 Kleveland Agder 5,9 5,9
Fv 5392 Haugsklopp Vestland 4,2 1,6 2,6
Fv 314 Liland Vestland 1,6 1,6
Fv 65 Folla Møre og Romsdal 20,0 10,0 10,0
Fv 6640 Husdal Trøndelag 6,4 6,4
Fv 241 Dampen Nordland 5,1 5,1
Sum     46,9 19,6
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur