Illustrasjon: Samferdselsdepartementet
Publisert
13.10.2021

85 milliardar kroner til betre infrastruktur og grønare framtid

– Samferdsel bind land og folk saman. Vi bygger veg og bane og utbetrar farvatn i eit høgt tempo. Det bidrar til å skape arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig no som Noreg er på veg ut av koronakrisa. Med satsinga neste år sørger vi for oppstart av nye prosjekt, samstundes som vi tar vare på det vi har. Ei sterk satsing på utvikling av dei største byane våre er god, grøn politikk, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa foreslår å løyve 84,6 milliardar kroner til samferdselsformål i 2022. Dette er ein auke på 3,1 prosent samanlikna med 2021, når ekstramidlane til koronatiltak blir heldt utanfor.

Meir veg for pengane

Regjeringa foreslår om lag 40 milliardar kroner til vegformål. Av dette er 33,5 milliardar kroner fordelt til Statens vegvesen og 5,9 milliardar kroner til Nye Veier. I tillegg kjem 500 millionar kroner til Fellesprosjektet Ringeriksbana/E16.

– Vi er avhengige av vegane og ferjene våre. Vi må finne ein balanse mellom å investere i nye vegar og ta vare på det vi allereie har. Derfor vil til dømes utbetringsstrekningar bli viktige i åra som kjem. Det er vegstrekningar der Statens vegvesen utbetrar den eksisterande vegen, framfor å bygge nytt – eit verkemiddel vi framheva i ny Nasjonal transportplan, seier Hareide.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for utbetringsstrekningane. Fleire prosjekt er starta og fleire ligg an til å starte opp allereie i 2022. Statens vegvesen vurderer prosjekta og bestemmer når dei kan startast opp.

Regjeringa foreslår å løyve 19,8 milliardar kroner til investeringar på vegane. Dette inkluderer det Nye Veier gjer. I tillegg til å halde fram utbygginga på fleire strekningar, vil fleire store prosjekt (prosjekt som har kostnad på over 1 milliard kroner) kunne starte opp: E18/E39 Gartnerløkka–Kolsdalen, E136 Breivika–Lerstad og E8 Sørbotn–Laukslett.

I tillegg kjem om lag 9 milliardar kroner til drift og vedlikehald av vegane. Med dette vil vedlikehaldsetterslepet på vegane gå ned med 350 millionar kroner.

Prioriteringane styrker konkurranseevne til jernbana

Til jernbaneformål foreslår regjeringa å løyve 31,8 milliardar kroner. Dette er andre år på rad forslaget til regjeringa er på over 30 milliardar kroner.

– Med dette forslaget held vi fram å styrke konkurranseevne til jernbana. Vi prioriterer å halde framdrifta i påbegynte utbyggingsprosjekt, og det kjem nye tog til Austlandet. Det nye signalsystemet ERTMS vil bli sett i drift på delar av Gjøvik- og Nordlandsbana i 2022. Det er mykje å glede seg til for alle oss som er glade i jernbana, seier Hareide.

Forslaget til regjeringa gjer det mogleg å starte opp bygginga av prosjekta Sørli–Åkersvika på Dovrebanen og Fløen–Bergen på Vossebanen, som òg inkluderer modernisering av Nygårdstangen godsterminal. Det vil gjere det mogleg å auke frå eit til to tog i timen mellom Oslo og Hamar. Mellom Bergen og bydelen Arna kan talet på tog auke frå to til fire i timen, i tillegg til auka godskapasitet.

I tillegg foreslår regjeringa 500 millionar kroner til Ringeriksbanen og E16. Det vil sørge for vidare planlegging og noko førebuande arbeid på prosjektet. Ansvaret for både jernbaneutbygginga og dei tilhøyrande strekningane på E16 blei overført til Nye Veier i 2021.

Regjeringa ønsker å vidareføre støtteordninga som legg til rette for at meir gods skal fraktast miljøvenleg på skjener. For 2022 er forslaget på 82 millionar kroner til ordninga.

Satsinga på grønare byar fortsett

– Regjeringa satsar stort i byområda og bidrar til eit grønare samfunn og ein enklare reisekvardag. Vi ønsker å føre vidare satsinga og foreslår å løyve 6 milliardar kroner til dei største byane våre i 2022. Det fører til meir kollektivtrafikk og betre forhold for syklistar og fotgjengarar, seier samferdselsministeren.

I tillegg sett regjeringa av 30 millionar kroner til ei ny tilskotsordning. Den skal styrke innsatsen på klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome i mindre byområde som ikkje er omfatta av byvekst- og belønningsavtalar.

Nye lufthamner skal planleggast vidare

Regjeringa foreslår å løyve 1,4 milliardar kroner til luftfartsformål. Av dette går 828,5 millionar kroner til statlege kjøp av regionale flyruter (FOT-ruter). 250 millionar kroner går til vidare planlegging av nye lufthamner i Bodø og Mo i Rana.

– Pandemien har vore svært utfordrande for norsk luftfart. Det har sett Avinor i ein vanskeleg situasjon. Regjeringa foreslår derfor å ikkje ta ut utbytte frå selskapet i 2022, seier Hareide.

Utbygginga av Stad skipstunnel startar

Regjeringa foreslår å løyve totalt 3,35 milliardar kroner til kystformål i 2022. Mykje av dette går til arbeidet med å utbetre farvatna fleire plassar i Noreg. Det legg til rette for dei stadig større båtane og skipa som seglar langs kysten.

Til å starte arbeidet med Stad skipstunnel foreslår regjeringa å løyve 440 millionar kroner. Prosjektet skal koste totalt 3,4 milliardar kroner, og er venta ferdig i 2026.

– Vi må få ein meir miljøvenleg og effektiv godstransport. Derfor ønsker vi å vidareføre tilskotsordninga for investering i effektive og miljøvenlege hamner med 55,5 millionar kroner. I tillegg vidareførar vi tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø, med 32,4 millionar kroner, seier samferdselsministeren.

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur