Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: SD
Publisert: 16.06.2025 

Skal fjerne to krevjande punkt på riksveg 52

Statens vegvesen skal lyse ut kontraktar for å fjerne to av dei mest krevjande punkta på riksvei 52. Storeskare bru skal skiftast ut og vegen mellom Tuv og Venås skal utbetrast.

– Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den fjellovergangen i Noreg som har den største delen tungtransport, med over 500 tunge køyretøy som køyrer over fjellet kvar dag. Derfor er det bra at Vegvesenet skal utbetre to av dei mest krevjande punkta langs vegen – noko som blir særleg viktig om vinteren, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Etter at Skjøiten stod ferdig i 2022, så er Storeskare bru det svakaste punktet på riksveg 52. Mange tungtransportsjåfører har meldt dette som eit krevjande punkt. Denne skal no erstattast med ny bru.

Vegen mellom Tuv og Venås har krappe svingar og bratte stigningsforhold, noko som gjer det utfordrande for blant anna tungtransporten. No skal vegen utvidast og stigninga reduserast.

Fakta:
  • Statens vegvesen vil lyse ut kontraktane over sommaren.
  • Tildelinga av kontrakt er planlagt vinter/vår 2026.
  • Byggestart blir truleg våren 2026.

Storeskare bru

  • Bæreevna på Storeskare bru er for svak.
  • Statens vegvesen skal byggje ny bru nedanfor dagens bru.
  • Her har det tidligare vore henta ut steinmasser i fjellskjæringa. Arbeidet som no skal gjerast, bygger vidare på dei inngrepa Statens vegvesen har gjort tidlegare.

Tuv–Venås

  • I dag er stigninga på vegen mellom 8,2 og 9,1 prosent.
  • Ny stigning blir på det meste 5,4 prosent.
  • Vegstandard blir klasse H1, og vegbredda utvidast frå ca seks til ni meter.
  • Det er i dag ikkje eit tilbod for mjuke trafikantar på strekninga.
  • Prosjektet skal bygge ny gang- og sykkelveg separat frå vegen. Det blir tryggare for dei mjuke trafikantane og meir oversiktleg for alle sjåførar.
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur