– Det passar aldri godt å stengja vegen. Me forsøker å finne tidspunkt som eignar seg best mogeleg, men me får det ikkje til å passa for alle, seier byggjeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.
Planlagt frå start
Å ta ned steinblokka var planlagt frå prosjektstart.
Oppe ved den 300 tonn tunge blokka, 200 meter over vegen, var det tre fjellsikrarar frå Mesta. I kvar ende av anleggsområdet var det tre trafikkdirigentar frå Safe24 som styrte trafikken.
Det vart brukt pute for å pressa ut blokka som var 5x5x5 meter.
Puta vart pumpa opp med ein kompressor som var flogen opp med helikopter på førehand. Arbeida gjekk etter planen og like før kl. 22.30 kom blokka ned. Vidare utover natta var det arbeid med å reinske renna under blokka.
Skadar på vegen vart reparerte i løpet av natta
– Det er ikkje mogleg å vita presist kva som vert skadane når ein tek ned slike blokker. Saman med entreprenør Mesta har me planlagt for ulike scenario, seier Slinde.
Vegen, rekkverket og fiberlinja vart skada under arbeida. Maskinentreprenør Gjerløw Maskin og Transport var klare for arbeid dersom det skulle bli behov for reparasjon av vegen.
Dei var raskt på plassen etter ein såg skadeomfanget, og ordna opp att vegen utover natta. Vegen vart opna att om lag 05.30 måndag morgon.
Vidare framover på prosjektet vil det føregå vegetasjonsrydding, samt boring for forankring av fanggjerde. Arbeida skal etter planen vera ferdige i løpet av hausten.