– Hovudfokuset i dette prosjektet er å sørgje for ein meir trafikksikker E39 for alle. Tungtransport, personbilar, gåande og syklande skal kunne reise trygt frå A til B. Som samferdselsminister er det viktig for meg at det er trygt å leve, bu og jobbe her i området, sa Nygård i sin tale under opninga.
Etter 3,5 år med bygging vart nesten 13 kilometer ny og trafikksikker veg opna på E39 mellom Møre og Romsdal og Trøndelag fylker. Saman med strekninga som vart opna for trafikk i 2022 står no 17,5 kilometer av dei planlagde 28 kilometrane med ny veg ferdige.
Prosjekt med klimagevinst
Entreprenøren Bertelsen & Garpestad AS har gjennomført ei rekke tiltak med fokus på berekraft og sirkulærøkonomi. Om lag 45 000 kubikkmeter med myrmassar er lagra under grunnvasstanden for å hindre framtidige CO₂-utslepp.
Prosjektet har òg inkludert eit pilotprosjekt der fjell er knust til bruk i vegoppbygging, med elektrisk drift av knusaren for å redusere klimafotavtrykket. Gjennom heile prosjektet har ein vore sjølvforsynt med massar i linja, med unntak av asfalt og betong som er tilkøyrt.
Dette arbeidet er ein del av GoGreen-konseptet, som kombinerer sirkulær økonomi og avfallshandtering med sosialt ansvar, ved å sysselsetje unge vaksne som har falle utanfor arbeidslivet. For dette arbeidet vart prosjektet heidra med «Berekraftprisen 2023» under utbyggingsdivisjonen si prisutdeling i 2024.
- Betna–Hestnes er ein av tre delparsellar i prosjektet E39 Betna–Stormyra.
- Utbygginga er òg ein del av arbeidet med utbetring av E39 mellom Kristiansund og Trondheim.
- Det er tre delparsellar i prosjektet. Betna–Hestnes er delparsell ein.
- Delparsell 2 vart opna for trafikk alt i august 2022.
- Totalt vil det bli 17,5 kilometer av 28 kilometer med ny veg på E39 som blir tatt i bruk etter opninga av Betna–Hestnes.
- Når alle tre delstrekningane er ferdige i 2026 vil det gi 28 kilometer ny 2-felts veg med 9 meter breidde, redusert reisetid med 7 minutt og 5 kilometer innspart køyrelengde.
- Det er Statens vegvesen som har vore prosjekteigar.
- Totalentreprenøren var Bertelsen & Garpestad AS.
- Sweco AS var prosjekterande.