Kontrollingeniør ferjekai
Om stillinga
I drift og vedlikehald område vest har me 40 ferjekaiar som me følgjer opp. I samband med dette søkjer me etter ein person som kan hjelpa byggjeleiar med å følgja opp arbeid som blir utført på dei ulike kaiane. Desse kaiane er plasserte over eit stort geografisk område med Anda-Lote i nord til Hjelmeland-Nesvik i sør, så det er ein fordel at du trivst ute på vegen.
Då det ofte er lange avstandar mellom ferjekaiane vil det kunne bli ein del tid åleine i bil, men framme på kaien har det mykje å seia at ein får til ein god dialog saman med entreprenør slik av me saman kan ta best vare på kaiane våre.
Stillinga vil ha kontorstad i Bergen, og tilhøyra Vedlikehald vest 1 som har 29 medarbeidarar. Hos oss vil du bli ein del av ein hyggjeleg og kunnskapsrik gjeng - og du vil arbeida tett saman med byggjeleiarar og prosjektleiarar. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og me vil gi deg god opplæring og oppfølging. Noko nattarbeid må påreknast.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vera:
- Kontroll og dokumentasjon av arbeida som entreprenøren utfører, også med oppfølging ute på ferjekaiane
- Følgja opp måla våre og delta i arbeidet med HMS, økonomi, kvalitet og framdrift
- Støtte byggjeleiar i oppfølging av kontrakt.
- Inspeksjon av kaiar og bruer
Kompetansekrav
Me ser etter deg som har minimum treårig relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.
Du må ha førarkort klasse B, og gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg. Vidare må du ha god kompetanse på IKT-verktøy og du må ha praktisk erfaring, anten frå utdanning eller arbeidslivet.
Å jobba med ferjekaiar vedkjem mange fagfelt. Har du jobba med ferjekaiar tidlegare er det sjølvsagt absolutt ein fordel, men stillinga vil også kunna vera aktuell om du har erfaring med hydraulikk, betong, stål, elektro, maskiner osv Det er ein fordel om du har praktisk erfaring, men nyutdanna skal heller ikkje vera redde for å søkja.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Gode samarbeidsevner med tanke på å jobba saman med fleire interne og eksterne aktørar
- Gode kommunikasjonsevner, du kommuniserer tydeleg og effektivt
- Du er interessert i å læra nye ting, og har evna til å skjønna korleis ting heng saman
- Sjølvstendig, strukturert og kan jobba godt planmessig i oppfølging av kontraktar
- Fleksibel og tilpassingsdyktig i forhold til ulike arbeidsoppgåver
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt seksjonssjef Maylen Torsteinbø på telefon 97656525, eller seksjonssjef Jørn Kristian Engebø på telefon 95191891.