Konkurransen omfattar etablering, drift og vedlikehald av ny døgnkvileplass for tungtransport langs den seks mil lange strekninga nord for Sognefjorden.
Frist for prekvalifisering er 24. oktober klokka 12.00. Frist for å levera tilbod er 25. november klokka 12.00.
Tilbodskonferansen finn stad 30. september klokka 13.00 på Teams. Her finn du lenke til utlysinga.
Det er aktuelt å inngå kontrakt med ein privat aktør/leverandør. Statens vegvesen legg opp til ei ordning med betaling for årleg leige.
Dette er krava til døgnkvileplassen
– Det er behov for mellom 12 og 15 oppstillingsplassar på strekninga. Vi krev at døgnkvileplassen må ha serviceanlegg med toalett, dusj og oppholdsrom/spiserom med moglegheit for matlaging, seier byggeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.
Køyreavstand frå E39 til døgnkvileplassen skal vera maksimalt éin kilometer.
Det vil bli etablert ladeinfrastruktur for tungbil.
Kvifor døgnkvileplass?
Målet med denne anskaffinga er å gje eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføra normal døgnkvile, redusert vekekvile (maks 45 timar) eller ta pausar (45 minutt) innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
Køyre- og kviletidsreglane pålegg sjåførane som køyrer tunge bilar å ta pausar og kvila tilstrekkeleg lenge til å få ein normal søvnperiode.
Utkvilte sjåførar er trygge sjåførar. Trygge sjåførar er oppmerksame sjåførar som bidreg til betre trafikktryggleik for oss alle, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.
Statens vegvesen ynskjer å vera ein ansvarleg vegeigar for alle trafikantar.
Å leggja til rette for at tungtransportsjåførar kan ta si lovpålagde døgnkvile, er ein del av dette samfunnsoppdraget.
Når skal døgnkvileplassen opna?
Statens vegvesen ønskjer å signera kontrakt våren 2026, og opna døgnkvileplassen innan 1. januar 2027.
Avtaleperioden gjeld i utgangspunktet 10 år, men opsjon for leigetakar å forlenga avtalen 1 + 1 år til totalt 12 år.
Statens vegvesen har døgnkvileplassar over heile landet. Oversikta finn du her.