I dag trykka Ullensvang kommune sin ordførar, Roald Aga Haug, på utløysarknappen som markerte starten for drivinga av den nye Røldalstunnelen. Vegprosjektet skal gjere fjellovergangen E134 til ein meir føreseieleg reiseveg året rundt, og fjernar også 1000 høgdemeter på strekninga.
– I dag kan vi endeleg feire at vi er eit steg nærmare å gjere fjellovergangen E134 til ein tryggare transportåre mellom aust og vest, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
Sikkerheit i sentrum for tunneldrivinga
Den nye Røldalstunnelen blir over 12 kilometer lang, og krev difor ei eiga godkjenning etter tunnelsikkerheitsforskrifta. For å sikre trygg ferdsel for alle køyretøy, har prosjektet også prosjektert fem store, sirkulære snunisjar som er dimensjonerte for at modulvogntog skal kunne snu. I tillegg kjem to snunisjar for brøytebilar ved tunnelmunningane, som vil gjere vinterdrifta enklare.
– Dette er den lengste vegtunnelen i landet der entreprenøren sjølv har utarbeidd søknad om sikkerheitsgodkjenning. Det har vore eit krevjande arbeid, men arbeidsfellesskapet har levert eit godt stykke arbeid, skryter prosjektleiar Frode Lykkebø.
Vegomlegging før jul
Når påhogget er klart i slutten av oktober startar entreprenøren også driving frå austsida ved Vetlehovden på Liamyrane, slik at tunnelarbeidet skjer frå begge ender.
– Utover hausten blir det viktig å finne ein god rytme i tunnelarbeidet. Boring, sprenging, sikring og utlasting må gå saumlaust for å sikre effektiv drift, forklarar prosjektleiar Frode Lykkebø.
Hausten fører også med seg endringar i vegnettet ved Liamyrane. Allereie før jul blir det vegopning med permanent omlegging av trafikken til det som i framtida skal bli Riksveg 13. Omlegginga vil sikre god trafikkflyt, også når dumparane fraktar stein ut frå fjellet.
Prosjektet er ei totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende. 31. mars signerte Statens vegvesen kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS Kontrakten omfattar bygging av: Ny veg vil gi: