Det er tunnelløpet i retning Bergen som i går ettermiddag fekk gjennomslag. Gjennomslag i motgåande løp retning Sotra er venta innan kort tid. Den om lag 650 meter lange Knarrvikatunnelen går mellom Valaskiftet, ved ilandføringa av Nye Sotrabru på Sotrasida, og Arefjordpollen på Sotra. Knarrvikatunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning og er den kortaste tunnelen på det nye Sotrasambandet. Med støypte portalar i begge endar blir tunnelen 748 meter lang når den står ferdig.
Første salve blei avfyrt 28. mars i år
Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes fortel at arbeidet med Knarrvikatunnelen har gått godt og effektivt sida første salve gjekk av 28. mars i år.
– Arbeidet med tunnelen har gått veldig bra, og vi er glade for å ha oppnådd gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet. Tunnel-laget i Sotra Link Construction, som står for arbeidet, har gjort ein flott jobb, seier Rivenes.
Massane frå tunneldrivinga har vorte frakta til Arefjordpollen og Storavatnet i Loddefjord. Totalt har det gått med 176 salvar for å oppnå gjennomslag i søndre løp. For gjennomslag i heile tunnelen vil det gå med om lag 366 salvar.
Nærmar seg gjennomslag i alle fire vegtunnelar
Det nærmar seg gjennomslag i alle dei fire vegtunnelane, og med det vert traseen for «nyevegen» meir og meir synleg.
Frå tunnelmunningane i Knarrvikatunnelen skal riksvegen gå vidare mot vest over ei fylling i Arefjordpollen og deretter vidare i dagen før riksvegen blir leia inn i Straumetunnelen. For avkøyring og påkøyring til/frå Straume sentrum blir det laga rampesystem ved Arefjordpollen.
Frå før er det gjennomslag i Kolltveittunnelen (april 2024) og Straumetunnelen (juni 2025). Gjennomslag i den lengste tunnelen på prosjektet, Drotningsviktunnelen, er venta i løpet av hausten.