– Denne dagen har vi venta på i rundt 30 år! Dette er ein festdag for Sula kommune, sa ordførar Turid Humlen, då ho stakk spaden i jorda saman med statssekretær Tom Kalsås.
Vegkrysset like sør for Ålesund dannar ein flaskehals for dei som skal av og på E39, og trafikken kjem ofte puljevis mata av dei to ferjesambanda E39 Festøya-Solavåg og fv. 61 Hareid-Sulesund. Krysset har vore ulykkesbelasta, og skal no byggast om til eit toplanskryss med kulvert under E39.
Gjer det tryggare
– Arbeidet vil løyse køproblematikk, forbetre trafikktryggleiken og gje betre tilhøve for gåande og syklande. Endeleg får me satt spaden i jorda for nye Veibustkrysset, sa statssekretær Kalsås.
Markeringa gjekk føre seg på oppsida av krysset, og entreprenør Busengdal AS hadde køyrt fram ein gravemaskin som stod klar til å gyve laus så snart oppstartsmarkeringa var unnagjort. Både kake, sveler og kaffe vart servert til gjestene som var møtt opp for å få med seg markeringa.
Utfordrande kryss
Det er utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39. Dette er også med på å skape farlege situasjonar.
No skal mellom anna eksisterande bru under E39 rivast, og det skal byggjast ny bru med to køyrebaner og fortau under brua. Eksisterande busslommer inntil E39 skal stå omtrent som før, og det skal byggjast nødvendig gangvegsystem frå busslommene og fram til kommunalt vegnett.
Framkomsten på E39 vil bli omtrent uendra når krysset er ferdig utbetra, men for dei som skal av og på hovudvegen blir det som natt og dag. Prosjektet skal stå ferdig våren 2027.
SE BLADARKIV
