E39 Skogafjellstunnelen. Foto: Lars Olve Hesjedal/Statens vegvesen
Publisert: 12.11.2025 

Øving i Skogafjellstunnelen

Måndag 17. og 24. november held Statens vegvesen brannvernøving i E39 Skogafjellstunnelen i Bjørnafjorden.

Tunnelen vil i samband med øvingane vera stengd i både nordgåande og sørgåande løp frå klokka 17.30–20.30.

Omkøyring er via gamle E39. Dette blir opplyst om på skilt i god avstand på begge sider av tunnelen, i god tid før øvinga.

Den 1500 meter lange tunnelen vart opna 31. oktober 2022 som ein del av E39 Svegatjørn–Rådal.

Grunnen at øvinga går over to måndagar, er at Bjørnafjorden brannvesen har fire brannlag som skal trenast. Det blir to brannlag per øving.

Trygg tunnel

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, legg han til.

Samfunnsberedskap

Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

Vegdrift handlar om konsekvens. Vegvensenet gjer derfor alt som er mogleg for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa, legg Amundsen til.

I tillegg til Vegvesenet deltek naudetatar frå Bjørnafjorden.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesen sitt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett.

Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur