Foto: Anita Stokke/Vik Ørsta
Publisert: 13.11.2025 

Vik Ørsta blir Saferoad – folka og kvaliteten er det same

Vik Ørsta vil frå midten av januar 2026 byte namn til Saferoad. Selskapet har vore ein del av Saferoad Group sidan oppstarten, men tek no steget og samlar seg under eit felles merkenamn.

– Dette er ei naturleg utvikling for oss. Vi har vore ein del av Saferoad-familien lenge og ønskjer no å synleggjere det tydelegare både internt og ut mot kundane, seier administrerande direktør Kjetil Nesset. Vi tek med oss alt det gode frå Vik Ørsta inn i Saferoad – kompetansen, kvaliteten og folka.

Namneendringa inneber ingen endringar i organisasjonsnummer, eigarskap eller drift. For kundar og samarbeidspartnarar vil kvardagen fortsette som før, med same kontaktpersonar, telefonnummer og produkt. E-post sendt til tidlegare adresser vil automatisk bli vidaresendt.

Ein del av eit sterkt europeisk fagmiljø

Med over 3000 tilsette er Saferoad ein leiande leverandør av trafikksikkerheit i Europa. Konsernet har hatt stor vekst etter fusjonen mellom Euroskilt og Ørsta-gruppen i 2007 og fleire selskap i gruppa samlast no under Saferoad-namnet.

– Vi blir ein del av eit enda større fagmiljø med brei kompetanse og ressursar. Saman står vi sterkare i arbeidet med å utvikle sikre og framkomelege vegar, seier Nesset. Dei siste åra har det skjedd store endringar i måten vi jobbar på i Saferoad Group. Dei fleste selskapa i gruppa har allereie tatt i bruk den nye Saferoad-logoen og no gjer vi det same.

Klare for vegen videre

For kundar og samarbeidspartnarar betyr endringa først og fremst ein tydelegare felles profil. Den største forskjellen vil ein merke digitalt, der informasjon og produkt gradvis blir flytta til www.saferoad.com.

– I ei overgangsperiode vil ein finne informasjon både på saferoad.com og på vikorsta.no. Vi er lett tilgjengelege og hjelper deg gjerne dersom du ikkje finn det du treng, seier Nesset.

Vik Ørsta har vore ein viktig del av norsk industri og infrastruktur i mange tiår. No tek ein med seg erfaringane, menneska og produkta vidare inn i Saferoad-namnet. Vik og Ørsta har vore kvalitetsnamn heilt tilbake frå då det var Vik Verk og Ørsta Stål. No vil dei bruke namna vidare på produktnivå og framleis levere Ørsta Brurekkverk, Vikafjell og Ørsta Marina.

Berekraftig logoendring

Vik Ørsta kjem til å byte logo på ein mest mogleg berekraftig måte, både med omsyn til materiale og kostnadar. Det betyr i praksis at logo på kle og arbeidsmateriell blir byta når det trengst og at vi brukar opp det vi har på lager.

– Vi gler oss til vegen vidare og vil fortsette å vere ein trygg og føretrekt samarbeidspartnar. No som ein del av eit enda sterkare fellesskap, avsluttar Nesset.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur