Juvo rasteplass er ikkje berre ein stoppestad, det er ein stad for spektakulære naturopplevingar. Foto: Nasjonale turistveger/Statens vegvesen
Publisert: 17.11.2025 

Ryfylke – offisiell opning av Juvo rasteplass

Tysdag 11. november opna Statens vegvesen ein ny rasteplass i Brattlandsdalen langs Nasjonal turistveg Ryfylke. Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune, stod for den offisielle opninga.

Ved riksveg 13, like nord for Nesflaten i Suldal kommune, ligg Juvo rasteplass – ein liten stoppestad i eit dramatisk landskap. Rasteplassen med utsiktspunkt ligg i tilknyting til eit stykke historisk veg som er bygd ved Kvelven tunnel langs fjellsida i Brattlandsdalen.

Forma med enkle grep

Rasteplassen er forma med enkle, diskrete grep som tilpassar seg vegetasjonen og det eksisterande terrenget. Målet med prosjektet er å leggje til rette for at fleire kan oppleve det historiske veganlegget og det bratte landskapet på ein trygg måte.

Frå to utsiktspunkt kan publikum beundre juv og jettegryter og det spektakulære elveløpet som brusar forbi. Robuste og stadstilpassa sitjemøblar i eik inviterer til pausar og er plasserte i terrenget. Ein liten spasertur langs gamlevegen tek dei besøkande til Kvelventunnelen, ein av dei første vegtunnelane som vart bygde i Noreg. Rasteplassen har kapasitet til fem personbilar, der éin er HC-plass.

Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune, sto for den offisielle opninga og takka Statens vegvesen Nasjonale turistvegar, landskapsarkitektane og entreprenøren for strålande utført arbeid.

Ein attraksjon

– Ein rasteplass er ein stad der vegfarande trygt kan stoppe for å kvile og ete. Juvo rasteplass er ein rasteplass med mykje attåt. Her er det gamle ivareteke og saumlaust sett saman med nytt. Dette er ein severdigheit og ein attraksjon. Ein fantastisk flott rasteplass, sa Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune.

– Eg er sikker på at rasteplassen i seg sjølv vil føre til auka mengd besøkande. Dette er positivt for Nesflaten og for kommunen, som gjennom dette vil få auka handel. Snart ser me magiske bilete herfrå i sosiale medium, og eg ser ikkje vekk frå at me vil sjå brudebilete herfrå, eller at eg eller ordføraren må hit for å vie nokon, sa Indrebø.

Stor tyding for reiselivet

– Vi er svært glade for opninga av Juvo rasteplass! Dette er endå ein attraksjon langs Nasjonal turistveg Ryfylke, ei satsing som har hatt stor tyding for reiselivet i regionen. Turistvegen gjev oss synlegheit og stoppeffekt, og arbeidet vårt handlar om å utvikle produkt og opplevingar som gjev liv i kasseapparata langs heile ruta, sa Liv Jorunn Tjelmeland, reiselivssjef i Visit Ryfylke.

Tidlegare turistvegprosjekt etablert langs den nasjonale turistvegen er Allmannajuvet, Svandalsfossen, Ropeid, Ostasteidn, Flesefossen, Høse bru, Lovra og Høllesli.

Fakta

Byggherre: Statens vegvesen
Landskapsarkitekt: ATSITE AS
Entreprenør: Landskapsentreprenørene AS

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur