Dei førebuande arbeida på den 1,5 kilometer lange strekninga startar måndag 1. desember.
Heile prosjektet skal etter planen vera ferdig innan utgangen av første kvartal 2026.
– Arbeidstidene blir måndag–fredag klokka 07.00–17.00. Det blir lysregulering av trafikken medan vi jobbar. Respekter dette, for alles tryggleik, seier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.
I tråd med regelverket vert det også nedsett fartsgrense medan vi ikkje jobbar, legg han til.
Gang- og sykkelvegen vil vera delvis fråverande i periodar, men sidearealet vil vera mogleg å gå på.
Det kan vera noko redusert framkomst, men entreprenør Jostein Myge AS stiller med erfarne folk som har gjort slike jobbar mange gongar før.
Dei vil vera observante og behjelpelege om det er personar som treng hjelp for å koma seg forbi. Spesielt vil dei vera opptekne av skuleborn som passerer.
SE BLADARKIV
