Det seier regionsjef Jan-Ove Halsøy i NLF om jobben Statens vegvesen og entreprenør Mesta har gjort i den 356 meter lange tunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.
– Mange av våre sjåførar har opplevd at bilane tek oppi taket i denne tunnelen. E16 er blodåra mellom Vestlandet og Austlandet, så me er veldig nøgde med alle tunnelar der ein får auka køyrehøgda som her. Det er gjort ein flott jobb me er veldig takksame for, legg Halsøy til.
– Veldig godt arbeid, i samarbeid med lokale underentreprenørar
Per Arne Blindheim er teknisk byggjeleiar tunnel i Statens vegvesen.
– Me har senka vegen for å auka køyrehøgda frå 4,3 til 4,5 meter. Med dette grepet unngår me problemet med at høge køyretøy tek borti tunneltak eller høgdeavgrensar. Mesta har utført jobben på ein veldig tilfredsstillande måte i godt samarbeid med dyktige lokale underentreprenørar, seier Blindheim.
Slik vart det jobba
Arbeidet vart gjort tidlegare i haust, og tok ein månad.
Det var jobba døgnkontinuerleg for å gjera arbeidsperioden så kort som mogleg.
Det var fylgjebil kvar natt, og somme dagar på dagtid då det heile tida var lysregulering. Eitt køyrefelt var til ei kvar tid ope.
– Me takkar trafikantane for godt samarbeid og stort tolmod i anleggsperioden, seier Blindheim.
Tunnelen og trafikkbiletet
- Den 356 meter lange Knoltatunnelen vart opna i 1985.
- Han vert gjennomsnittleg trafikkert av 5190 køyretøy per dag.
- Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).
- Av dette er 18 prosent, eller 934, lange køyretøy (tungtrafikk).
SE BLADARKIV
