Bilete frå Romslo II under ein synfaring i fjor då bana var stengd for trafikk. Foto: Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Publisert: 12.01.2026 

Mesta skal sikre tre jernbanetunnelar for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle

5. januar signerte Fellesprosjektet Arna–Stanghelle kontrakt med Mesta om sikring av tre eksisterande jernbanetunnelar.

Kontrakten har en verdi på om lag 25 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Arbeida omfattar reinsk, sikring med boltar og sprøytebetong i tre eksisterande jernbanetunnelar: Store Fossmark, Hananipa og Romslo II. Desse tre jernbanetunnelane skal verte  kryssa av dei nye anleggstunnelane inn til de framtidige nye veg- og jernbanetunnelane som Fellesprosjektet skal i gang med byggje.

Prosjektleiar i Fellesprosjektet, Kari Bremnes, fortel at prosjektet er i rute og at arbeida i dei tre jernbanetunnelane er avgjerande for å kunne starte arbeidet med etablering av anleggstunnelene.

– Dei tre jernbanetunnelane vi no skal sikre vil med tida liggje tett på dei nye tunnelane vi skal byggje. Enkelte stader er det ikkje mange meter mellom tunnelane i fjellet, og det er naudsynt å sikre dagens tunnelar før vi går i gang med å sprenge ut nye tunnelar, seier Bremnes.

Startar arbeidet allereie i januar

Arbeidet med dei tre eksisterande jernbanetunnelane startar alt no i januar, og er planlagt ferdig i august. Sikringsarbeidet skal gjerast i eksisterande jernbanetunnelar, der det er togtrafikk. Difor må arbeidet gjerast i periodar når banen er stengd for trafikk.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur