Brutårna til Sotrabru. Bildet er tatt tidlegare denne månaden. Arbeidet med kablar startar i februar. Foto: Bjarte Ågotnes Olsen/Statens vegvesen
Publisert: 19.01.2026 

Opning av riksveg 555 Sotrasambandet blir forseinka

OPS-prosjektet riksveg 555 Sotrasambandet skulle opna 1. juni 2027. Arbeidet med brutårna til Nye Sotrabru har tatt lengre tid enn planlagd, og riksvegen kan opne tidlegast 4. kvartal 2027.

Sotra Link Construction har sett inn tiltak for å ta inn forseinkinga, men opplyser at prosjektet ikkje rekk planlagd opningsdato 1. juni 2027. I følgje Sotra Link Construction er den nye datoen avhengig av akselerasjonstiltaka og at det ikkje oppstår fleire utfordringar.

– Vi veit at mange har sett fram til opning i juni 2027 og vi beklagar forseinkinga, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes.

I følgje Sotra Link Construction er forseinkinga relatert til Drotningsvik-området. Hovudårsaka er utfordrande grunntilhøve som har gjort det naudsynt å fjerne meir stein enn planlagd.

Brutårna vart ferdig støypte 3. desember 2025, og i februar i år startar arbeidet med kablane. Hovudkabel skal på plass, og deretter skal hengestenger til brukassane monterast i kabelen før dei kan heisast opp i hengestengene.

Om prosjektet:

Nytt Sotrasamband omfattar bygging av 9,4 kilometer firefelts veg frå krysset ved fylkesveg 562 ved Storavatnet i Bergen til krysset ved fylkeveg 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune. Omlag 4,6 kilometer går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts hengebru på om lag 900 meter, samt 14 kilometer gang- og sykkelveg.

OPS-kontrakten (offentleg -privat samarbeid) som er tildelt Sotra Link har ein verdi på 19,8 milliardar kroner 2022-kroner. Kontrakten blei signert i mars 2022.

Sotra Link AS finansierer, prosjekterer, byggjer og skal drifte og vedlikehalde veganlegget  i 15 år etter trafikkopning. Kontrakten er den største enkeltkontrakten som er inngått av Statens vegvesen nokon sinne. Totalramma for prosjektet er 23,1 milliardar 2022-kroner, inkludert førebuande arbeider som starta i 2018.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur