– At eit elektrisk fly er på besøk i Florø, viser at denne teknologien kan fungere òg på regionale lufthamner med kortare rullebaner. Det er viktig for regionar som er avhengige av lufttransport for både næringsliv og innbyggjarar, seier Karianne Helland Strand, konserndirektør for berekraft og infrastruktur i Avinor.
Testar fleksibilitet og regionale bruksområde
Besøket i Florø er ein del av det pågåande testprogrammet der pilotar frå Bristow Noreg har floge BETA Technologies sitt heilelektriske fly på ei fraktrute mellom Stavanger og Bergen sidan august i fjor. Besøket i Florø finn stad den nest siste uka av prosjektet, og føremålet er mellom anna å:
- teste flyging mellom fleire lufthamner for å vise operativ fleksibilitet.
- demonstrere bruk på regionale lufthamner.
- teste fleire praktiske bruksområde for elektriske fly.
- vise at teknologien kan fungere på ulike rullebanelengder.
Flyet vil bli lada i Florø ved hjelp av ein mobil ladekube som flyet sjølv har med seg.
– Dei regionale lufthamnene representerer ein interessant tidleg marknad for elektriske fly. Å kunne demonstrere dette i Florø er viktig for å vise kva som faktisk er mogleg i praksis, seier Helland Strand.
Relevant for Vestlandet
Vestlandets topografi gjer at landtransport ofte tar lang tid, sjølv over korte avstandar. Difor spelar fly ei særleg viktig rolle for både persontransport og frakt.
Elektriske fly er venta å bli tekne i bruk i fraktsegmentet før i passasjertrafikk. For flytypar som BETA ALIA kan dette realistisk bli aktuelt mot slutten av dette tiåret, føreset at sertifisering, regelverk og operative løysingar kjem på plass.
– Korte ruter med avgrensa trafikkgrunnlag, slik vi har mange av på Vestlandet og i Nord-Noreg, er blant dei første som kan bli aktuelle for elektriske fly. Det kan på sikt gi nye moglegheiter for både næringsliv, beredskap og regionale samband, seier Helland Strand.
Flyginga til Florø inngår i det fyrste testprosjektet i Noreg som internasjonal testarena for null- og lågutsleppsluftfart.
Marknaden tek ruteavgjerdene
Avinor eller Luftfartstilsynet startar ikkje flyruter. Det er marknaden som avgjer kva ruter som blir sett i gang først.
– Det er flyselskapa og fraktoperatørane som tek avgjerda om å starte ruter, basert på kommersielle vurderingar. Vår rolle er å leggje til rette for trygg testing og naudsynt infrastruktur, slik at tersklane for oppstart blir lågare og innføringa av ny teknologi kan gå raskare, seier Karianne Helland Strand.
SE BLADARKIV
