Veret spelte på lag då kabelarbeidet starta 9. februar. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 12.02.2026 

Kabelarbeidet i gang på Nye Sotrabru

Måndag 9. februar starta arbeidet med installering av trekketau mellom brutårna til Nye Sotrabru. Dette er første del av kabelarbeidet på den nye brua.

Den nøye planlagde operasjonen kunne endeleg starte rundt klokka 7 på morgonen 9. februar. Vêr og vind har spela på lag, og rundt klokka 14  same dag var det sørlege trekketauet på plass over fjorden mellom Knarrevika og Drotningsvik.

Trekketauet, som er ein stålvaier, vil bli brukt til å få på plass ein arbeidsplattform mellom dei to brutårna. Det nordlege trekketauet vil bli installert onsdag 11. februar.

Fornøgd med operasjonen

Byggeleiar for brutårna i Sotra Link Construction Manhyung Bae er glad for no å ha fått den første koplinga mellom dei to brutårna på plass.

– Dette markerer starten på kabelarbeidet på brua, og eg er godt fornøgd med arbeidet så langt. Vi er så klart heldige med at vêret har vore så stabilt. Det gjer at me kan jobbe uforstyrra, seier Bae.

Operasjonen føregjekk ved å fire ned tau frå dei 145 meter høge brutårna på kvar side av fjorden.  Sjølve samankoplinga av trekketauet skjedde på ein arbeidsbåt midtfjords.

Deretter vart tauet stramma opp ved hjelp av vinsjar. Sotraleden var stengt for båttrafikk under arbeidet.

For å kunne strekke over hovudkabelen som brudekket på den nye brua skal henge i, må det altså etablerast ein arbeidsplattform, også kalla «catwalk» over fjorden.

– Det å få ein forbindelse mellom dei to tårna er ekstra gøy. Dette første tauet er ikkje så synleg for folk, men når catwalken kjem på plass, blir det veldig godt synleg, seier Håkon Matre i Statens vegvesen.

Når catwalken er på plass kan ein for første gong gå tørrskodd mellom dei to tårna på Nye Sotrabru.

Neste fase krev og stenging

Arbeidet med å få på plass arbeidsplattforma vil truleg starte mot slutten av februar. Det vil vere behov for å stenge Sotraleden også i denne fasen. Då er planen å stenge leden i to til tre timar, før leden opnar att for trafikk ein periode midt på dagen.

Oppdatert informasjon om stenging av leden blir lagt ut her. 

To hovudkablar

På den nye Sotrabrua vil det være to hovudkablar. I motsetnad til dagens Sotrabru, der delkablane er strokne individuelt over, vil hovudkablane framstå som éin samla, kraftig kabel.

Kvar hovudkabel består av 41 delkablar, og kvar av desse inneheldt 127 trådar. Når alle delkablane er trekte over, vert delkablane tvunne saman til ein rund form. Til slutt vert ein tråd surra rundt kabelen for å sikre at den beheldt fasongen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur