– Saman med Risa skal me bygga 4,2 km gang- og sykkelveg mellom Hetland og Apeland i Tysvær kommune. Dette vil gi eit mykje betre tilbod for syklande og gåande mellom Gismarvik og Aksdal, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.
– Samtidig med bygginga av gang- og sykkelvegen skal det gjerast trafikksikkerheitstiltak på E39. Vegen vert breddeutvida for å gi betre plass til forsterka midt- og kantoppmerking.
To kurver skal rettast ut, og sideterrenget skal ryddast og sikrast.
– Slik er framdriftsplanen
Om alt går etter planen blir det signering av kontrakt i løpet av februar.
Etter det følger ein periode der Risa AS skal detaljprosjektera, før det vert byggestart i sommar.
Bygginga vil pågå i cirka 2 år og skal vera ferdig våren 2028.
Slik blir trafikken råka i anleggsperioden
Dei køyrande vert påverka i varierande grad gjennom anleggstida.
Vegen vil bli stengt i kortare periodar i forbindelse med sprengingsarbeid. Det vil også bli nytta trafikklys på deler av strekninga.
Manuell dirigering og nedsett fartsgrense er også aktuelle tiltak i byggeperioden.
Dei som har moglegheit, kan gjerne nytta alternative vegar, som for eksempel T-forbindelsen (der ein sør for Gismarvik tar vestover gjennom undersjøisk tunnel mot Karmøy og køyrer opp mot Haugesund den vegen, for så å ta E134 austover mot Aksdal).
Prosjektet er finansiert gjennom Haugalandspakka og med statlege midlar. Styringsramma for prosjektet er omlag 200 millionar.
SE BLADARKIV
