Nybygd skogsbilvei. Foto: Landbruksdirektoratet
Publisert: 20.02.2026 

350 millionar kroner investert i skogsvegar i 2025

Investeringane til skogsvegar viser ein svak nedgang frå 2024 til 2025. Det vart bygd 455 kilometer skogsveg i 2025. Samtidig auka kostnadene til bygging av nye skogsbilvegar med nesten ti prosent.

Opprusting og nybygging av skogvegnettet bidreg til reduserte transportkostnader for skogbruket, men det er også viktig for miljø og klima ved at det blir mindre køyring i terrenget og lågare drivstofforbruk. Skogvegprosjekt går som regel over 2-3 år frå byggjeløyvet er gitt og til veganlegget er ferdigstilt. På grunn av ein lengre byggjeperiodar varierer det kor store investeringane blir og kor mange kilometer med veg som blir ferdigstilte kvart enkelt år.

Svak nedgang i 2025

Investeringar til skogsvegar, skogsbilvegar og traktorvegar, var i 2025 på 350 millionar kroner. Investeringane gjekk ned 5 prosent samanlikna med 2024. Det vart ferdigstilt færre kilometer skogsvegar enn i 2024.

I 2025 vart det nybygd 115 kilometer med skogsbilvegar og ombygd 230 kilometer med eksisterande skogsbilvegar. Til saman vart det ferdigstilt 345 km med skogsbilvegar i landet. Når det gjeld traktorvegar vart det bygd 82 kilometer med nye traktorvegar og ombygd 28 kilometer med eksisterande traktorvegar. Til saman vart det ferdigstilt 110 kilometer traktorvegar.

Byggjekostnadene for skogsbilvegar var i gjennomsnitt 1332 kr pr. meter for nybygging og 656 kr pr. meter for ombygging i 2025. Nybyggingskostnadene har auka med 9,4 prosent frå året før, medan ombyggingskostnadene er reduserte med 12,5 prosent.

Ulikskapar mellom fylka

  • Innlandet var fylket med klart størst aktivitet innan skogbilvegbygging i 2025, der det til saman vart ferdigstilt 112 kilometer skogsbilveg, høvesvis 31 kilometer med nyanlegg og 81 kilometer med ombygde skogsbilvegar.
  • Buskerud følgde etter med 60 kilometer ferdigstilte skogbilveganlegg i 2025, og også der bestod hovuddelen av ombyggingsprosjekt.
  • I Vestland vart det ferdigstilt 20 kilometer nyanlagde skogsbilvegar, dette er fylket med nest størst talet på kilometer ferdigstilte nye skogbilveganlegg i 2025, medan det vart ombygget 11 kilometer skogsbilvegar.
  • I Trøndelag vart det ombygd om lag 22 kilometer med skogsbilvegar, som gjer fylket til det tredje største innan ombygging. Det vart nybygd sju kilometer med skogsbilvegar.

 

Skogsbilvegar 2025

Nybygging  Ombygging 
Oslo 0 0
Rogaland 4,4 3,0
Møre og Romsdal 4,8 11,6
Nordland 1,8 3,7
Østfold 6,1 1,2
Akershus 2,1 15,7
Buskerud 10,7 49,5
Innlandet 31,1 81,4
Vestfold 1,5 0,4
Telemark 3,7 10,9
Agder 19,0 13,1
Vestland 20,2 11,3
Trøndelag 6,7 21,6
Troms 3,2 6,4
Finnmark 0,1 0
Nasjonalt  115,4  229,9 

Tabellen syner antall kilometer nybygde og ombygde skogsbilveier per fylke i 2025.

 

Byggjeaktivitet i skogsbilvegar har variert stort siste 15 åra

Dei siste 15 åra har aktiviteten for nybygging av skogsbilvegar vore relativ stabil, på rundt 100 kilometer i året (figur 1). Ombyggingsaktiviteten har derimot variert i større grad dei siste 15 åra. På det meste vart det ombygd heile 416 kilometer med skogsbilvegar i 2016, og på det lågaste vart det ombygd 178 kilometer i 2023.  Trenden ser ut til å vera nedovergåande, men har variert både opp og ned siste fem åra.

Tilskot og skogfond er viktig for å få gode vegprosjekt

Skogeier har høve til å søkja om tilskot både til nye skogsvegar og ombygging av eksisterande skogsvegar, og bruka skogfond med skattefordel til å finansiera resten av kostnadene. Finansiering frå skogfond og tilskot er viktig for å få i gang gode vegprosjekt.

I 2025 vart det utbetalt 124 millionar kroner i tilskotsmidlar til investeringar, av ei total investering på 350 millionar kroner. Resterande kostnader vart dekt av skogeigar sjølv, anten ved bruk av skogfond eller anna finansiering.

Det har sidan 2010 vore ei jamn stigning i utbetalt tilskot til skogsvegar til skogeigar. Desse har auka frå 40 millionar kroner i 2010 til i overkant av 120 millionar kroner årleg dei siste åra. Det blir utbetalt mest tilskot til skogsbilvegar, enn traktorvegar.  Andelen utbetalte tilskotsmidlar er langt større for skogsbilvegane enn for traktorvegane. Eigendelen til skogeigaren varierer etter kvar i landet ein byggjer skogsvegar.

Du finn meir statistikk om skogsvegar på Landbruksdirektoratets statistikksider.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur