Ein motstandsdyktig transportsektor handlar om evna til å førebyggje, handtere og raskt kome seg etter alvorlege hendingar, som naturfare og ekstremvêr. Skredet ved E134 i Fjæra i Etne viser kor viktig dette arbeidet er i praksis.
Og allereide no vert det teke i bruk. Onsdag kveld vart det største gjerdet lasta på bil og sendt til skredområdet i Etne.
– Dette viser føremålet med beredskapslageret. Når me har kritisk utstyr tilgjengeleg, kan me raskt etablere sikring og trygge framkomsten på vegen. Dette viser kor effektivt det kan vera. Dette er totalberedskap i praksis, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.
– No er gjerdet på veg, men før det kan setjast opp, skal det takast ned noko meir fjell og reinskast i området. Etter at den jobben er gjort, vil me førebu oppsetting av gjerdet. Det skal ryddast og boltar skal borast og setjast i betong. Betongen treng herdetid før gjerdet kan monterast. Arbeidet er venta å ta om lag to veker, legg han til.
Dette illustrerer korleis førebuing, nasjonal kontroll over kritiske funksjonar og rask respons styrkjer transportsektoren si motstandsdyktigheit.
SE BLADARKIV
