E134 Fjæra i Etne. Kolonnekøyring frå fredag 20. mars klokka 15.00. Foto: Statens vegvesen/175.no
Publisert: 17.03.2026 

E134 Etne: Kolonnekøyring fra fredag 20. mars klokka 15.00

Frå fredag 20. mars klokka 15.00 sett Statens vegvesen opp kolonne for passering av skredstaden i Fjæra.

Slik blir kolonnekøyringa:

For køyretøy opp til 3,5 tonn, blir det kontinuerleg kolonnekøyring i ei retning om gongen, via kommunal veg.

For køyretøy over 3,5 tonn blir det kolonnekøyring på E134 annankvar time i arbeidstida 07.00-19.00, i ei retning om gongen.

Frå klokka 19.00–07.00 blir det kontinuerleg kolonne på E134.

– Reparasjon og sikringsarbeid er framleis krevjande, og vi jobbar så raskt vi kan i 12 timars skift kvar dag, klokka 07.00–19.00. Det er store skadar på vegen, og vi kan ikkje gå på akkord med sikkerheita, seier seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur