I dette området på E16 på Sundve skal Statens vegvesen gjera eit arbeid to netter neste veke. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 03.09.2026 

Stengjer E16 på Sundve to netter

Statens vegvesen stengjer E16 på Sundve nord i Voss to netter neste veke. Det skal etablerast ny stikkrenne og gjennomførast masseutskifting på strekninga.

Arbeidet gjer det nødvendig å stengje E16 i to periodar natt til tysdag og torsdag.

Vegen blir stengd mellom klokka 00.00 og 03.00 og mellom klokka 03.30 og 05.30. Trafikken blir sleppt gjennom mellom klokka 03.00 og 03.30 begge nettene.

– Jobben er ikkje mogleg å gjennomføra på ein sikker måte utan å stengja vegen, understrekar byggjeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.

Skal skifte ut massar og etablere ny stikkrenne

Arbeidet omfattar masseutskifting og etablering av ei ny stikkrenne som skal leie vatn under vegen.

Statens vegvesen legg arbeidet til nattestid, når trafikken er lågast, for å avgrense ulempene for trafikantane.

– Me har forståing for at det er krevjande for trafikantane, men hugs at me gjer dette for dei, for at vegen framleis skal vera trygg og trafikksikker. For Statens vegvesen vil tryggleiken alltid trumfa alt, også for dei som arbeider på vegen, til beste for trafikantane, legg han til.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Logg inn