Anne Iren Fagerbakke blir ny jernbanedirektør. Foto: Silje Alvsaker
Publisert: 14.11.2025 

Anne Iren Fagerbakke blir ny jernbanedirektør

Anne Iren Fagerbakke er i statsråd i dag tilsett som ny direktør for Jernbanedirektoratet. Stillinga er eit åremål på seks år. Fagerbakke kjem frå stillinga som direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.

– Anne Iren Fagerbakke har lang og variert erfaring som leiar i offentleg forvalting og samferdselssektoren på Vestlandet. Denne kompetansen gir henne ein god og brei bakgrunn for å leie Jernbanedirektoratet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Tidlegare jernbanedirektør Knut Sletta sa i sommar opp stillinga si for å bli dagleg leiar i ein allmenning på Hadeland. Fagerbakke tiltrer stillinga etter nærare avtale. Marit Rønning er fungerande jernbanedirektør fram til Fagerbakke byrjar.

Sivilingeniør med lang erfaring frå samferdselssektoren

Anne Iren Fagerbakke er 58 år og er frå Bergen. Ho er utdanna sivilingeniør frå NTNU (tidlegare NTH) i 1991.

Fagerbakke har sidan 2023 vore direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune. Frå 2013 til 2023 var ho kommunaldirektør for byutvikling i Bergen kommune, og før dette var ho samferdselssjef i Hordaland fylkeskommune i om lag to år. Vidare har Fagerbakke erfaring som mellomleiar i Mesta, byggesakssjef i Bergen kommune og prosjektleiar i Veidekke ASA.

I tillegg har Fagerbakke vore medlem av styret for Transportøkonomisk institutt (TØI) frå 2013 til 2019, først som styremedlem og deretter styreleiar frå 2016.

Om Jernbanedirektoratet:

Jernbanedirektoratet har eit heilskapleg ansvar for samordning, avtalestyring og koordinering av jernbanesektoren. Ei sentral oppgåve er å ivareta direktoratets ansvar for overordna planlegging, budsjett og avtalestyring med sentrale aktørar i jernbanesektoren.

Direktoratet er Samferdselsdepartementets faglege rådgjevar i jernbanespørsmål og bestiller tenester innan infrastruktur og persontrafikk.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur