For å betra tilhøva for transportnæringa, aukar Statens vegvesen no køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.
– Me senkar vegen for å auka køyrehøgda. Med dette grepet unngår me problemet med at høge køyretøy tek borti tunneltak eller høgdeavgrensar, seier Per Arne Blindheim som er teknisk byggjeleiar tunnel i Statens vegvesen.
I samband med arbeidet vert det alle dagar lysregulering klokka 06.00-20.00 (nokre dagar med fylgjebil) og fylgjebil kvar natt klokka 20.00-06.00.
Eitt køyrefelt vil til ei kvar tid vera stengt. Dette er naudsynt for å sikra tryggleiken både for arbeidarar og trafikantar.
– Me ber trafikantar berekna noko ekstra tid, og visa omsyn til mannskapar og skilting i området.
Arbeidet startar måndag 13. oktober, og tek etter planen ein månad.
– Me jobbar døgnkontinuerleg for å gjera arbeidsperioden så kort som mogleg, seier Blindheim.