Bilen i skredområdet på Vikafjellet. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 23.01.2024 

Bil teken av snøskred på Vikafjellet, begge i bilen kom seg ut

Ein bil vart teken av snøskred på rv. 13 Vikafjellet tysdag morgon. Begge i bilen kom seg ut.

Det var klokka 09.10 at skredet gjekk i Yngnesdalen.

Vikafjellet var stengd, og entreprenøren sine folk var på veg opp for å sjekka tilhøva.

– Folk frå entreprenøren var på veg opp då skredet gjekk. Dei to i bilen kom seg ut kort tid etterpå. Vi er veldig glade for at vi tilsynelatande unngjekk alvorlege personskadar her, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

– Førebels ser det ikkje ut som nokon er alvorleg skada, men for sikkerheits skuld har vi bede om at dei skal få tilsyn av lege. Det er viktig for oss å ta vare både på det vi har og på dei vi har, legg Finden til.

Rv. 13 over Vikafjellet vil bli rydda så snart som mogleg. Geolog er på veg til staden.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur