Foto: Olav Heggø
Publisert
23.09.2020

Bodø lufthamn: Samtidig flytting av terminal og rullebane skal liggje til grunn for vidare planlegging

– Vi har full framdrift i planlegginga av flytting av Bodø lufthamn. Prosjektet går no inn i ein forprosjektfase, som skal ta utgangspunkt i ei samtidig flytting av terminalen og rullebana. Ei slik flytting vil medverke til ei positiv byutvikling i Bodø og gi gode ringverknader i heile regionen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet har no bestemt at planlegginga av flyttinga av Bodø lufthamn skal halde fram i ein forprosjektfase. Den vidare planlegginga skal ta utgangspunkt i ei samtidig flytting av rullebana og terminalen (alternativ 1 e) i Avinors skisseprosjekt. Dette er i tråd med tilrådingane frå Avinor og Bodø kommune.

Spleiselag mellom staten, Avinor og eit lokal bidrag

– For å sikre framdrift i dette prosjektet, vil vi i planlegginga vidareføre det gode samarbeidet mellom staten, Avinor og kommunen. Her vil finansiering vere eit sentralt tema som det er viktig at partane bli samde om, seier samferdselsministeren.

I behandlinga av Nasjonal transportplan 2018–2029 våren 2017, stilte Stortinget seg bak regjeringas forslag om å flytte Bodø lufthamn om lag ein kilometer sør­vestover for å sikre areal til vidare byutvikling.

Det er lagt opp til å finansiere flyttinga som eit spleiselag mellom staten, Avinor og eit lokalt bidrag. Avinor la hausten 2019 fram eit skisseprosjekt med fem ulike utbyggingsalternativ for den nye lufthamna. Dei ulike utbyggingsalternativa og Avinors eigenfinansiering har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1).

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur