Medan Skipenes bru (til høgre) på E39 gjennom Nordfjordeid blir skifta ut, går trafikken over brua til venstre. Foto: Lars Olve Hesjedal
Publisert: 17.12.2020 

Bygger ny Skipenes bru på E39

Statens vegvesen bygger ny Skipenes bru på E39 gjennom Nordfjordeid.

Alt frå i ettermiddag, tysdag 15. desember, er trafikken lagt om på ei mellombels bru like ved.

Her vil trafikken gå til ny Skipenes bru er ferdig hausten 2021.

På nyåret starter rivearbeidet av brua, og når det er ferdig vil ein starte med arbeidet på ny bru.

Det blir noko støy

– Her vil det føregå pelearbeid på land og i Eidselva. Arbeidet med peling vil medføre støy, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Arbeidstida på pelearbeidet vil vere frå klokka 07-19, måndag - laurdag. Dette  arbeidet vil pågå til ut i mars 2021.

Entreprenøren Mesta tar juleferie frå 22. desember og startar igjen 4. januar.

Statens vegvesen ynskjer alle naboane ei god jul, og oppmodar alle mjuke trafikanter om å bruke refleks.

Dette er prosjektet

Brua som no blir skifta ut, vart bygt på 60-talet.

– Den nye brua vil gi betre trafikktilhøve både for bilar og mjuke trafikantar, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø.

Medan dagens bru er om lag åtte meter brei, blir det åtte nesten 13. Dette vegarbeidet kostar 31 millionar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur