Publisert: 12.03.2018 

Døme på fine gang- og sykkelbruer

Nyleg var ei norsk gang- og sykkelbru i fint selskap i London: Oslo kommune si bru Boomerang var nominert til...

Nyleg var ei norsk gang- og sykkelbru i fint selskap i London: Oslo kommune si bru Boomerang var nominert til World Aricitecture News sin pris.

Brua «Boomerang» svingar seg over ytre ringveg i Groruddalen. Den fekk Norsk stålkonstruksjonspris for 2017, og var nominert til WAN Best Bridge Award 2017 som vart delt ut i London forrige veke. Vinnaren var brua over Bosporos-stredet.

Juryen meiner den enkle brua Boomerang gjev ei flott oppleving for brukarane. Ho blir omtalt som ein konstruksjon som er tiltalande, kostnadseffektiv og har ei utforming som harmonerar ned omgivnadene.

Det er ikkje overraskande at ei norsk gang- og sykkelbru får internasjonal merksemd. Det finst mange flotte bruer her i landet

Torstein Bremset

Korleis lage ei god gang- og sykkelbru?

Bremset seier ei god gang- og sykkelbru skal gjere det mest mogeleg attraktivt å gå og sykle. -Ofte gjer brua det mogeleg å sykle eller å gå der det elles kan vere umogleg eller vanskeleg å kome seg fram. I tillegg kan det vere ein rask veg som kan få fleire til å velje sykkel i staden for bil, seier Bremset.

Han påpeikar at gang- og sykkelbruer ikkje må vere for bratte eller ha krappe svingar – verken på brua eller rett før og etter.

– Vi har eit mål om å auke gang- og sykkeltrafikken, noko ein må ta høgde for i planlegging og dimensjonering. Det beste er å gje gåande og syklande kvart sitt areal.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur