Godstog på jernbanebru på Dovrebanen ved Minnesund. Foto: Olav Heggø
Publisert: 02.10.2023 

Dovrebanen: Foreslår mellombels støtteordning for godstogselskap som er råka etter brukollapsen ved Ringebu

– Den økonomiske situasjonen er kritisk for fleire aktørar i bransjen etter at jernbanebrua over Lågen i Ringebu kollapsa. Som tidlegare varsla, foreslår regjeringa no overfor Stortinget å etablere ei mellombels støtteordning for godstogselskap som ikkje kan frakte gods på Dovrebanen i perioden strekninga er stengt for trafikk. Regjeringa ønskjer å frakte meir gods på jernbanen, og då er det viktig å sikre den økonomiske berekrafta for togoperatørane fram til Dovrebanen opnar igjen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om å løyve 120 millionar kroner i 2023 til ei mellombels støtteordning for godstogselskap som er råka av driftsstansen på Dovrebanen etter ekstremveret Hans. Regjeringa vil kome tilbake til behovet for løyvingar i 2024 i forslag til statsbudsjett for 2024.

Støtte frå same dag som Randklev bru kollapsa

Det vil vere mogleg å søkje om tilskot for tap frå same dag som Randklev bru ved Ringebu kollapsa, det vil seie 14. august i år. Ordninga skal dekkje 95 prosent av tapa som mottakarane av tilskot har hatt som følgje av brukollapsen.

Målgruppa for ordninga er godsoperatørar som på tidspunktet for brukollapsen var tildelt ruteleie for å frakte gods på Dovrebanen og som har direkte tap som følgje av kollapsen. Tap som følgje av auka kostnadar og reduserte inntekter skal reknast ut i tråd med retningsliner fastsett i medhald av statsstøtteregelverket.

Jernbanedirektoratet skal forvalte støtteordninga

Jernbanedirektoratet vil få ansvaret for forvaltninga av den mellombelse ordninga. Mottakarane skal gjere rekneskap tilgjengeleg for Jernbanedirektoratet, slik at samla tilskot ikkje blir høgare enn kva mottakarane har krav på. Tilskotet skal leggje til rette for at selskapa som får støtte, driv så effektivt som mogleg så lenge dei mottek støtte. Dette skal gjere at behovet for tilskot ikkje blir høgare enn nødvendig.

Den nye mellombelse støtteordninga skal erstatte tidlegare utbetaling

Som følgje av den kritiske situasjonen for godstogoperatørane og i påvente av Stortingets opning i byrjinga i oktober, nytta regjeringa tidlegare i september høvet Kongen i statsråd har til å pådra staten utgifter utan løyving når dette er heilt nødvendig.

Utbetaling innanfor ramma på 75 millionar kroner skal avgrensast til det som er strengt naudsynt fram til Stortinget får behandla det nye forslaget frå regjeringa om etablering av den mellombelse støtteordninga for godstogselskapa.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur