E134 Fjæra i Etne etter vellukka sprenging fredag. Foto: Emil Solbakken/Statens vegvesen
Publisert: 09.03.2026 

E134 Etne: Vellykka sprenging ved Fjæra

06. mars gjorde Statens vegvesen ei vellukkra spreging av steinblokkar frå losneområdet ved Fjæra.

– Me fekk ned den steinen vi ynskja, seier beredskapsrådgjevar Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Staten vegvesen etter sprenginga som fann stad like etter klokka 11.30.

– Me er veldig nøgde med at fekk ned steinen i såpass små blokkar at det ikkje vart større skadar på vegen, legg ho til.

Det er rett nokre usikre parti att.

– Desse skal me freista få ned i dag, men det vert ikkje meir sprenging. Denne jobben vil verta gjort med spyling frå helikopter, presiserer ho.

Etter dette vert det spyling av nedre del av ura, før jobben med å vøla vegen tek til.

Planlagd opning er førebels sett til onsdag 11. mars.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur