Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 26.01.2024 

E134 Røldal–Seljestad: Eit viktig steg mot realisering av ny tunnel

– Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Røldal-Seljestad. No får vi ein vintersikker veg som vil betre både trafikktryggleik og framkome på vegen som knytt landet frå aust til vest, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om utbygging og finansiering av prosjektet E134 Røldal-Seljestad. E134 er hovudvegsamband mellom aust og vest i Sør-Noreg, og er viktig for transporten mellom Austlandet og den sørlege delen av Vestlandet.

Vegen har i dag låg standard. Tunnelane på strekninga er låge og smale, og vegen i dag er mange stader svært smal, svingete og har bratte stigningar. Vegen blir tidvis stengd, noko som fører til kolonnekøyring og dårleg framkomme på vinterdagar med dårleg vêr.

Første trinn i utbetringa av E134

Prosjektet E134 Røldal–Seljestad er fyrste byggjetrinn på strekninga E134 Vågsli–Seljestad, og det er eit viktig bidrag til ein meir vintersikker veg, som vil betre trafikktryggleik og framkomst.

– Prosjektet omfattar i hovudsak ny tunnel som vil redusere stigninga vesentleg og korte ned strekninga med om lag 6 kilometer. Reisetida blir redusert med om lag 18 minutt for tunge køyretøy og om lag 12 minutt for personbilar, noko som er bra både for lokalbefolkninga, og for næringslivet som fraktar varer frå Vestlandet og ut i Europa, seier Nygård.

Finansiering

Finansieringa av prosjektet E134 Røldal–Seljestad er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er mellom anna omtalt i NTP 2022-2033. I årets statsbudsjett går det fram at det for 2024 er sett av midlar til å starte opp prosjektet under føresetnad av at Stortinget sluttar seg til forslag om delvis bompengefinansiering og kostnadsramme.

Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 4,9 milliardar kroner for prosjektet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur