Her gjekk steinspranget ved E16 Langhelle i Vaksdal aust for Bergen måndag. Foto: Njål Farestveit/Statens vegvesen
Publisert: 06.03.2024 

E16 heilt stengd torsdag, opning kvar time onsdag og fredag

E16 ved Langhelle aust for Bergen blir heilt stengd torsdag, og delvis stengd onsdag og fredag, medan Statens vegvesen ryddar etter steinspranget måndag.

Oppryddingsarbeidet gjer at det blir svært vanskeleg framkomst på E16 dei neste dagane. Trafikantane må finna andre vegar enn E16 mellom Trengereid og Voss. Det er på strekninga mellom Langhelle og Bogo at arbeidet skal pågå.

– Vi skal rydda og sikra fjellsida i området der det gjekk eit mindre steinsprang måndag, seier byggeleiar Frode Tufteland i Statens vegvesen.

Slik blir trafikken påverka

Slik vil arbeidet påverka trafikkavviklinga dei neste dagane:

  • Onsdag: Vegen er stengd i periodar på opptil ein time, i tidsrommet 08.00-19.00. Det er trafikkdirigering med ledebil frå båe sider.
  • Torsdag: Vegen er heilt stengd i tidsrommet 08.15-19.00.
  • Fredag: Vegen er stengd i periodar på opptil ein time, i tidsrommet 08.00-15.00. Det er trafikkdirigering med ledebil frå båe sider.

I andre periodar enn dette vil vegen vera open for trafikk.

– Vel andre vegar enn E16

– Vi vil på det sterkaste rå folk til å velja andre vegar enn E16, til dømes via Sogn eller Hardanger. Vi er klar over at dette er ein krevjande situasjon for trafikantane, men det er naudsynt å gjera det slik for å sikra tryggleiken for alle, både trafikantar og arbeidarar, medan den naudsynte oppryddinga finn stad, seier byggeleiar Frode Tufteland.

Tufteland minner også om at det i tillegg til redusert framkomme i samband med opprydding etter skredet på Langhelle, går det som vanleg  føre seg andre vegarbeid på strekninga E16 Trengereid–Voss som kan føra til ventetid også andre stader på strekninga.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur