Kartet syner korridor for ny E39 fastlagt i kommunedelplan. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 25.01.2024 

E39 Vågsbotn–Klauvaneset: Førebur oppstart av reguleringsplan

Som førebuing til oppstart av reguleringsplan ønsker Statens vegvesen gjere grunnundersøkingar langs traseen i vår.

Kommunedelplan for ny E39 mellom Vågsbotn og Klauvaneset vart vedtatt av Bergen kommune 22.juni 2022, og viser at E39 skal gå i ny tunnel på cirka 5,3 kilometer mellom Vågsbotn og Klauvaneset. Vidare må kryssa ved Klauvaneset og i Vågsbotn byggast om. Det skal i tillegg leggast til rette for syklistar langs eksisterande E39, då den nye tunnelen berre vert open for bilistar.

Planlegg oppstart av reguleringsplanarbeidet i vår

Den eksakte plasseringa og utforminga av køyrevegar, gang- og sykkelvegar og påhogga til tunnelane vert fastlagt i reguleringsplanen. Etter planen skal Statens vegvesen varsle formell oppstart av reguleringsplan våren 2024.

Ber om løyve til å gjere undersøkingar

Vegvesenet planlegg å gjere noko førebuande arbeid denne vinteren og våren, for å få betre oversikt over grunntilhøva.

— Vi kontaktar no aktuelle grunneigarar om grunnundersøkingane, som går ut på å kartlegge lausmassar med omsyn på kor tjukke dei er, kva dei er samansett av, fjelloverflate og liknande. Undersøkingane omfattar kryssområda, område ved påhogg til tunnelane og eit område der det er kort avstand frå tunneltak og opp til fjelloverflata, fortel prosjektleiar Beate Eide Riisnæs i Statens vegvesen.

Om prosjektet

Statens vegvesen laga i 2016 ei utgreiing Ringveg øst og E39 nord i Åsane der ulike konsept for ny korridor for hovudvegsystemet ført utanom Bergen sentrum blei vurdert. Utgreiinga anbefalte eit konsept øst med ny vegkorridor via Arna.

Utgreiinga blei behandla i Bergen kommune, dåverande Hordaland fylkeskommune og alle kommunane i Nordhordland, der alle gjekk inn for Statens vegvesen si anbefaling om konsept aust. Dette konseptet vart lagt til grunn for arbeidet med kommunedelplanen.

I slutthandsaminga av kommunedelplanen gjorde Bergen bystyre den 22.juni 2022 (sak 180/22) vedtak om oppdeling av kommunedelplanen. Planvedtaket i bystyret omfattar alternativ «N1», lang tunnel mellom Vågsbotn (Birkeland) og Klauvaneset inklusiv kryssområdet i Vågsbotn.

Videre blei den sørlege delen av alternativ «S1a» som sikrar det framtidige prinsippet for nytt hovudvegkryss i Arna vedtatt. Resten av delstrekning S1a ble ikkje vedtatt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur