Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård deltok i dag på ei markering på Grorud, der Norske tog AS og den franske togprodusenten Alstom presenterte det første av i alt 36 lokaltog som etter planen gradvis skal inn i trafikk frå juni neste år på lokaltogstrekningane Lillestrøm-Spikkestad og Ski-Stabekk.
– Med stadig fleire passasjerar og hyppigare avgangsfrekvens om nokre år er det nødvendig med nye lokaltog i Oslo. I tillegg er mange av dagens lokaltog i hovudstaden blant dei eldste vi har her i landet, og det oppstår oftare feil på gamle enn på nye tog. Etter kvart som dei nye, flotte lokatoga kjem i trafikk frå neste år, er målet sjølsagt at pendlarar skal få ein meir føreseieleg reisekvardag, seier samferdselsminister Nygård.
I tillegg til å vere meir driftssikre kjem dei nye toga til å ha betre mobildekning og plass til fleire reisande om bord enn dei gamle lokaltoga. Dei nye skal også vere tilgjengelege for alle, det vil seie brukarvenlege for passasjerar uavhengig av om dei sit i rullestol eller har med barnevogn.
19 nye regiontog på Østlandet
Den franske togprodusenten Alstom skal også levere nye tog til regiontoglinjene i Noreg, og førebels er det kjøpt 19 tog. Desse skal gradvis setjast i trafikk frå 2027, og erstatte gamle tog.
Nye langistansetog
Norske tog AS har avtale med den sveitsiske togprodusenten Stadler om levering av 17 nye fjern- og nattog til langistanserutene mellom Oslo og Bergen, Stavanger og Trondheim, og mellom Trondheim og Bodø. Planen er at toga skal setjast i trafikk i perioden 2028-2030.
Viktig del av jernbanesatinga
– Dei nye lokal-, region- og fjerntoga er ein viktig del av moderniseringa av togtilbodet dei komande åra. I kombinasjon med meir og betre vedlikehald av dagens jernbane og ibruktaking av nye jernbaneanlegg skal desse 72 toga gjere jernbanen enda meir attraktiv for dei reisande. Vi vurderer fortløpande behovet for å kjøpe enda fleire tog, seier samferdselsministeren.