Publisert: 23.04.2018 

Færre, men betre bruinspeksjonar

Meir målretta bruk av inspeksjonar i Statens vegvesen skal sikre ei betre bruforvalting i framtida. Det er kvaliteten på arbeidet...

Meir målretta bruk av inspeksjonar i Statens vegvesen skal sikre ei betre bruforvalting i framtida.

Det er kvaliteten på arbeidet som er viktigast og ikkje frekvensen på inspeksjonane, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen – som har innført ei rekke tiltak for å betre bruforvaltninga i Vegvesenet.

Sidan slutten av september i 2017 er det jobba med ein fagleg og organisatorisk gjennomgang av bruforvaltinga etter at Vegtilsynet i fjor avdekka fleire avvik.

Helge Eidsnes – som er regionvegsjef i Statens vegvesen Region vest, har leia ei prosjekt- og forankringsgruppe som skulle finne forbetringspunkt i bruforvaltinga. Målet er eit meir heilskapeleg og målretta inspeksjonsregime og eit fagmiljø som går meir i takt.

Meir ROS, færre inspeksjonar

Arbeidet har hatt eit fokus på omfanget av inspeksjonar. I praksis har vore vanskeleg å følgje opp dei krava som etaten sjølv har sett. Tilsynet avdekka at det var mange inspeksjonar som verken blei utførte, dokumenterte eller følgde opp slik eige regelverk tilseier. Særleg gjaldt dette dei årlege enkelinspeksjonane.

Her er det variasjon frå region til region. Hovudgrepet framover vil vere basert på tredelte inspeksjonsrutinar: Dei generelle inspeksjonane som skal sikre kontinuerleg tilsyn med bruene, enkelinspeksjonane som skal brukast meir målretta på bruer som krev ekstra oppfølging og hovudinspeksjonane som skal sikre den meir djuptgåande og grundige oppfølginga, seier Eidsnes.

Eit slikt grep krev då at vi aukar bruken av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS), slik at vi på den måten kan redusere behovet for inspeksjonar, samstundes som dei bruene som treng det, blir inspiserte

Vegvesenet legg no opp til eit regime der regionane gjer individuelle vurderingar for kvar bru, slik at inspeksjonane blir meir tilpassa behovet.

Betre styringsverkty

Eit viktig vertktøy i bruforvalting, er registrerings- og oppfølgingssystemet Brutus. Vegtilsynet avdekka i sine tilsyn at fleire tusen inspeksjonar mangla registrering i Brutus i fjor, og Vegdirektøren bestemte etter det at alle regionane skulle oppdatere sine Brutus-register innan 1. februar 2018.

Vi er no i mål med dette arbeidet, men generelt har vi ikkje vore dyktige nok til å følgje opp Brutus slik det var tenkt. Det må vi gjere noko med. For dette registreringsverktyet seier mykje om korleis tilstandane på bruene våre er, og det er kunnskap som vi kan utnytte betre.

Meir einsarta inspeksjonar

Vegvesenet er oppteken av kvaliteten på det som blir lagt inn i Brutus. Difor skal dei styrande dokumenta til etaten forbetrast slik at inspeksjonane blir meir einsarta.

I dag ser vi blant anna at to forholdsvis like skadar, blir vurdert ulikt. Derfor skal vi også innføre kvalitetskontroll på inspeksjonsresultatet før det blir lagt inn i Brutus. Blant anna har fleire bruer fått for høg skade- eller konsekvensgrad, det kan vi unngå ved at vi har mottakskontroll av data frå inspektørane før dei vert lagde inn, seier Helge Eidsnes.

Rapporten peikar på ei rekke tiltak som skal gjennomførast både på kort og lang sikt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur