Ny skilting: Innkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø/Statens vegvesen
Publisert: 05.01.2023 

Feilkøyring skapar trafikale problem i Sogndal

Fleire trafikantar bryt skiltinga i Gravensteinsgata.

Problema har oppstått etter at vegarbeida i gata vart ferdige, og nye skilt er sette opp. Mange følgjer ikkje skiltinga, og køyrer slik dei gjorde tidlegare.

– Alle trafikantar må følgja og respektera skiltinga. Kanskje gjer dette at dei må endra køyremønsteret sitt i Sogndal sentrum, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Det er i Ålkrysset og Leighgota-krysset at det er ny skilting samanlikna med tidlegare.

Førebels har det ikkje oppstått trafikkfarlege situasjonar, men det har hopa seg opp med trafikk fordi enkelte ikkje følgjer skiltinga.

Gravensteinsgata er hovudgata i Sogndal sentrum og vert gjennomsnittleg trafikkert av 9471 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 8 prosent, eller 758, lange køyretøy (altså tungtrafikk). Gata har også høg andel mjuke trafikantar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur