Kontrakten vart formelt tildelt 9. februar. Det er karenstid fram til 19. februar før kontrakten kan signerast.
Rammeavtala skil seg ut med eksepsjonelt høg verdi, lang varigheit og stort omfang. Avtala har ei varigheit på inntil 8 år, og skal dekkje prosjektering, utarbeiding av konkurransegrunnlag og bistand til oppfølging av hovudentreprisane for veg og jernbane i byggetida.
Eit historisk samantreff
Kontrakten er historisk i storleik, og tildelinga skjer 150 år etter ei anna historisk milepåle på jernbana mellom Bergen og Voss.
– I mars 1876 smalt første salve i bygginga av Vossebanen. No, 150 år seinare, har Statens vegvesen og Bane NOR tildelt rammeavtala for prosjektering av ny veg og jernbane på strekninga frå Arna til Stanghelle. Kontrakten som er tildelt er historisk i kroner og øre, men viktigast - den stadfester for alvor at dette viktige og etterlengta prosjektet no skal realiserast. Vi skal byggje landet og knyte Noreg saman på ein effektiv måte, som rustar oss for framtida, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård.
Jamn konkurranse og norske tilbydarar
Utbyggingsdirektør i Bane NOR, Bettina Sandvin er svært nøgd med å ha tildelt kontrakten. Alle rådgivarfirmaene som ga tilbod var norske, hadde gode løysningar, og det var jamt mellom kandidatane.
– Tildelinga er eit stort og viktig steg vidare for prosjektet. Vi er glade for å ha tildelt kontrakten til ein solid leverandør som har møtt sterk konkurranse i marknaden, seier utbyggingsdirektør Bettina Sandvin i Bane NOR.
Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik seier det er gledeleg at det han omtalar som ein unik kontrakt no har blitt tildelt.
– Det er ein unik kontrakt i kompleksitet, varigheit og kostnader. No har det største tunnelprosjektet gjennom alle tider landa ein solid partner til prosjektering og oppfølging i byggjetida for hovudentreprisane. Det er gledeleg, seier utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik.
Om kontrakten
I evalueringa blei det lagt vekt på kva tilbod som hadde det beste forholdet mellom pris og kvalitet. Rådgivar måtte mellom anna dokumentere at dei kan levere høg kvalitet gjennom modellbasert prosjektering, bidra til berekraftige løysingar og god arbeidsmetodikk.
Rammeavtala dekkjer prosjektering, rådgjeving og bistand til oppfølging av veg og jernbane i byggetida, og inkluderer mellom anna:
- Utarbeiding av design-basis og modellgrunnlag for heile prosjektet
- Prosjektering av hovudentreprisar
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag for total-, utførings- og samspelsentreprisar
- Oppfølging i byggetid
- Delta i samspelsentreprise: Elektro og Tele for veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle
- Utarbeiding av planar for anleggsgjennomføring, søknadsprosessar og offentlege godkjenningar
Strekninga mellom Arna og Stanghelle mellom Voss og Bergen er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og på jernbane. I dag er veg- og jernbanestrekninga prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar, og skredutsette område. Det gir ein lite effektiv og føreseieleg reiseveg for trafikantar og næringsliv og store kostandar for samfunnet. I tillegg er det mange trafikkulukker. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene.
SE BLADARKIV
