Foto: Statens vegvesen
Publisert: 22.01.2024 

Fleire vegar stengt på Vestlandet grunna skred og fare for skred

Det er meldt raudt farevarsel for skred for deler av Vestlandet. Fleire vegar kan bli stengt på kort varsel.

Det raude farevarselet gjeld frå natt til måndag og utover.

Svært mykje nedbør og kraftig vind gir fare for store naturleg utløyste skred mange plassar. Mykje regn i ny snø gir stor fare for våte skred i bratt terreng. Skreda kan bli store og nå ut i flatt terreng.

– Fleire vegar er allereie stengt og me vurderer å stengje fleire vegar der skredfaren er stor. Statens vegvesen set tryggleiken fyrst. Om me stenger ein veg så er det for å sikra at trafikantar skal ferdast så trygt som mogleg på vegane, forklarar rådgjevar for beredskap og samfunnssikkerheit Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen. Det er mange i høg beredskap desse dagane. Me veit at med det veret som kjem så er sannsynet skred som når veg stor, seier ho.

– Om du må ut å køyra er det viktig å halde deg oppdatert på www.vegvesen.no/trafikk. Der finn du informasjon om stengte vegar og oppdatert trafikkinformasjon til ei kvar tid, supplerer ho.

Det vil koma mykje nedbør det neste døgeret som også kan gje mykje overvatn og glatte vegar.

-Sjølv om me tilrår å late bilen stå, så er det opp til den einskilde som ferdast på vegen å ta gode val for seg sjølv og sine før ein legg ut på tur, avsluttar Navarsete.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur