605 slike betong veggelement blir lossa ved Drammen hamn denne veka. Foto: Kjell Wold
Publisert: 01.12.2023 

Første last med vegger til Sollihøgdtunnelen

Denne veka har første last med betong veggelement til Sollihøgdtunnelen vorte lossa ved Drammen hamn.

Båten frå Sveio på Vestlandet hadde med seg i alt 605 stykk betongvegger til Tollbukaia i Drammen.  Det utgjer omtrent ¼ av dei om lag 2600 betongveggene som skal kle dei to tunnelløpa i den 3,4 kilometer lange Sollihøgdtunnelen på E16 Bjørum–Skaret i Hole og Bærum.

Fem tonn per vegg

Første last med veggelement til prosjektet kom til Drammen i april og var for det meste ferdig montert i Bukkesteinshøgdtunnelen til sommarferien. Frakta av tunnelvegger frå Drammen til Sollihøgda vil gå føre seg med Ølens eigne spesialbilar, som kan ta fem veggelement a fem tonn på kvar tur.

520 turar

2600 betongvegger skulle dermed gi om lag 520 turar frå Drammen til Sollihøgda. E16 Bjørum–Skaret–prosjektet reknar med at monteringa av veggelementa i Sollihøgdtunnelen vil starta ein gong tidleg på nyåret 2024.

 

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur