Slik blir det nye Veibustkrysset sjåande ut. Ny løysing vil gje betre flyt på E39 og gjere det lettare å komme inn og ut frå hovudvegen. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 03.11.2025 

Første spadestikk på E39 Veibustkrysset i Møre og Romsdal

E39 Veibustkrysset har vore eit ulykkesutsett kryss, og har lenge vore ein flaskehals for trafikken av og på E39. No skal vegen blir tryggare og få betre framkome. Måndag 3. november sette statssekretær Tom Kalsås det første spadestikket for utbetringar av vegen.

– Dette prosjektet vil gje ein tryggare veg for både bilistar og mjuke trafikantar. Det vil bidra til å løyse dei verste køane, og det vil gjere det lettare å komme seg inn på vegen frå lokale vegar og industriområdet, seier Kalsås.

E39 Veibustkrysset ligg i Sula kommune i Møre og Romsdal. Det har vore eit ulykkesutsett kryss. Vegen er også tilknytt eit større industriområde, og krysset har lenge vore ein flaskehals for trafikken av og på E39 – særleg når dagpendlarane kjem reisande puljevis med ferjene frå Festøya og Hareid.

Prosjektet inneber bygging av nytt toplanskryss med kulvert under E39. Det vil sikre ein tryggare veg for både vegtransport og mjuke trafikantar.

Statens vegvesen er prosjekteigar og utbyggar. Med på laget har dei den lokale entreprenøren Busengdal AS. Prosjektet har ein kostnad på om lag 160 millionar kroner, og er forventa ferdig i 2027.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur