Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård tok i dag første spadetak for ny Røldalstunnel. Foto: Geir Holen/Statens vegvesen
Publisert: 20.05.2025 

Første spadetak tatt for ny Røldalstunnel

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård tok i går første spadetak for ny Røldalstunnel. Den skal fjerne 1000 høgdemeter og gi ein meir føreseieleg fjellovergang.

Med strålande sol og 24 varmegradar var det duka for markering av starten på bygginga av den etterlengta nye Røldalstunnelen. Jon-Ivar Nygård fekk æra av å ta det første spadetaket og ser fram til kva prosjektet vil bringe.

– E134 er ein av hovudpulsårane som bind landet saman. Når vi nå startar opp arbeidet mellom Røldal og Seljestad, er det ikkje berre ein lokal forbetring – det er ein investering i tryggare transport mellom aust og vest, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

E134 er ein av de viktigaste hovudvegane mellom aust og vest, men dagens utforming skaper mange utfordringar for trafikantane. Vegen er utsett for kolonnekøyringar på vinterstid, dagens gamle tunnelar er smale, og vegen har rundt 1000 høgdemeter i stigning og nedgang på strekket mellom Liamyrane og Hesjabakk.

Stein-Roger Nilssen, avdelingsdirektør i utbygging i Vegvesenet, er svært fornøgd med at arbeidet med prosjektet nå går i gang.

– Dagens E134 mellom Røldal og Seljestad blir som ein flaskehals der trafikkflyten stoppar opp og fleire får utfordringar. Dette medfører både trafikkfarlege situasjonar, lav regularitet og høgare klimagassutslepp. 19. mai er ein merkedag for fjellovergangen på E134. Nå kan vi endeleg sei at vi er i gang med å bygge ein tunnel som vil gi ein meir føreseieleg reisekvardag, sjølv med utfordrande vinterføre, utdjupar Nilssen.

Dagens trasé vil vere open under heile byggeperioden

Mot slutten av 2030 er det planlagt trafikkopning på den nye tunnelen, med tilhøyrande ny veg i dagen, men framkome på E134 vil under heile byggeperioden vere tilnærma normal.

– Utanom korte stengingar grunna t.d. sprengingsarbeid og vegomlegging skal dagens E134 bli heldt open for vanleg trafikk. Då den nye vegen har eigen trasé vil det vere mogleg å sørge for god framkome på strekket under heile byggeperioden, forklarar prosjektleiar i Statens vegvesen Frode Lykkebø.

Om prosjektet:

Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende. 31. mars signerte Statens vegvesen kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS

Kontrakten omfattar bygging av:

  • 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
  • 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på cirka 0,7 km
  • Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
  • Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.

 

Ny veg vil gi:

  • Ei innkorting av køyrelengda på 6,4 km.
  • Ny veg gir redusert reisetid på om lag 18 minutt for tyngre køyretøy og om lag 12 minutt for personbilar.
  • Ny Røldalstunnel blir ca. 12,4 km, og skal erstatte dagens Røldalstunnel og Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.
  • Ny Røldalstunnel vil ha ei tilnærma flat helling.
  • Det vil bli etablert en ny og stor kolonneoppstilling på Liamyrane.
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur