Bilete syner tunnelmunninga mot aust i det søndre løpet av Kolltveittunnelen, mot Bildøy. Foto: Karoline Rage/Statens vegvesen Statens vegvesen
Publisert: 25.04.2024 

Gjennomslag i den første av fire tunnelar på nytt Sotrasamband

10 månader etter at første salve ble avfyrt på vestsida av Kolltveit er det lys i begge endar av dei to løpa på Kolltveittunnelen.

Gjennomslaget i det nordlege løpet skjer eit lite halvår før fristen i OPS-kontrakten med Statens vegvesen. Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes er nøgd med å kunne markere gjennomslag allereie no.

— Det er stor stas å feire gjennomslag i den første av totalt fire vegtunnelar på nytt Sotrasamband. Sjølve gjennomslaget fekk vi i går føremiddag i 11:30 tida, men feiringa og kaka tek vi i dag.  Arbeidet med  å sprenge ut ny Kolltveittunnel har gått føre seg utan problem eller forseinkingar, noko vi er svært glade for.

Frist 10. oktober i år

Den første sprenginga for tunnelen ble gjennomført 23. juni i fjor. Ifølge kontrakten med Statens vegvesen var fristen for gjennomslag 10. oktober i år.

— Driving av Kolltveittunnelen har gått etter planen, med godt samarbeid mellom Sotra Link Construction som hovudentreprenør, og LNS som underentreprenør. Vi synst det er moro å nå milepåle 2 nesten eit halvt år før tidsfristen satt av Statens vegvesen, seier Christopher M. Bjerke, prosjektleiar i OPS-selskapet Sotra Link.

Prosjektdirektør i Sotra Link Construction Pedro Manuel Rodríguez Hernández fortel at Sotra Link Construction hadde gjennombrot på det sørlege løpet i slutten av mars i år, men at det ikkje er før no at milestolpen er nådd. For slik er det, det må vere lys i begge endar av dei to tunnelane før det offisielt er gjennomslag.

— Eg er veldig glad for at vi den 24. april nådde gjennombrotet av det nordlege løpet av Kolltveittunnelen. Dette er en stor dag for oss alle, og eg vil spesielt takke tunnel-teamet vårt for innsatsen og den profesjonelle innstillinga dei har til prosjektet, seier Pedro Manuel Rodríguez Hernández.

Over 500 sprengingar er gjennomført

Som ein kan sjå av bileta er det ikkje store holet nett no, men det er ikkje mange dagane før heile profilet er sprengt ut. Over 500 sprengingar er fyrt av i dei to tunnelløpa sidan oppstart i fjor sommar, og over 200 000 kubikkmeter med massar er frakta ut av tunnelen. Tunnelen er 940 meter lang, får to køyrefelt i kvar retning, og har tre tverrpassasjer mellom dei to tunnelløpa til nødevakuering i tilfelle ulykker eller brann.

Holet gjennom fjellet er berre starten

Det må sjølvsagt vere lys i begge endar av tunnelen, men han er langt i frå ferdig. No startar LNS arbeidet med sprøytebetong på tunneloverflata og montering av ankarboltar. Etter det skal underentreprenøren Hylland inn for å sprenga grøfter i tunnelen, og allereie i august byrjar arbeidet med å innreia tunnelen med straum,  vatn- og avløpsrøyr. Det skal og verte montert prefabrikkerte element langs tunnelveggane, også kalla fòringar.

Siste del av jobben er installering av belysning, vifter, utstyr til brannsløkking og tryggleikssystem i tunnelen. Så ventar omfattande testar av tryggleikssystema i tunnelen før den kan verte godkjend og opne for trafikk. Tunnelen opnar for trafikk saman med resten av riksveganlegget  1. juni 2027.

Nær full aktivitet på anlegget

Det er aktivitet på 9 av dei 11 områda prosjektet er delt inn i. Av arbeid som går føre seg no er mellom anna støyp av brutårna på Nye Sotrabrua. Støypen er komen lengst på Sotrasida der dei no er komen 18 meter opp. Tårna blir 145 meter høge når dei er ferdige. Driving av den lengste av dei fire tunnelane, Drotningsviktunnelen,  som er om lag 2000 meter,  er og godt i gang.  Der er dei komen om lag 300 meter inn i begge dei nye løpa. I juni startar sprenginga av Straumetunnelen som skal gå under kommunesenteret Straume, og vidare vest er det mellom anna arbeid med peling til nye bruer over Straumssundet.

Om prosjektet:

Nytt Sotrasamband omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru på om lag 900 meter, med separat gang- og sykkelveg. Det nye vegsystemet får og gang- og sykkelveg.

OPS-kontrakten (offentleg -privat samarbeid) som er tildelt Sotra Link har ein verdi på 19,8 milliardar kroner. Kontrakten blei signert i mai  2022, og byggjetida for ny firefelts veg er fem år. Riksveganlegget skal opne for trafikk i juni 2027.

Sotra Link finansierer, prosjekterer, byggjer og skal drifte og vedlikehalde veganlegget i 25 år etter trafikkopning i 2027. Kontrakten er den største enkeltkontrakten som er inngått av Statens vegvesen opp gjennom alle tider. Totalramma for prosjektet er 23,1 milliardar 2022-kronar, inklusive førebuande arbeid som starta i 2018.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur