Vågstunnelen før og etter stor utbetring, gjort samtidig som ordinære vedlikehaldsoppgåver. Biletet viser utbetringane både i vass- og frontsikring ved opninga, og kor mykje betre belysninga har vorte. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 10.10.2025 

– Gjorde fleire utbetringar på tunnel når vi likevel var inne og gjorde vedlikehald

– Jobben med Vågstunnelen viser kor mykje vi kan gjera i ein tunnel når vi likevel er inne, med god planlegging og godt samarbeid med ein dyktig og framoverlent entreprenør.

Det seier byggeleiar Espen Skjærbekk og praktisk tunnelforvaltar Karoline Bakken Bråthen i Statens vegvesen.

Dei snakkar om riksveg 13 i Suldal i Rogaland, og jobben Vegvesenet har gjort i den 837 meter lange Vågstunnelen i Ryfylke, ikkje langt frå grensa til Vestland.

Suldal er landets største kraftkommune (står aleine for 4,5 prosent av landets samla kraftproduksjon), og den alt store næringstrafikken i området vil truleg auka i samband med meir kraftutbygging i området Suldal-Røldal.

– Dette var jobbane vi gjorde

Statens vegvesen har alt utbetra nokre tunnelar i området, og har førebudd resten.

I Vågstunnelen var vass- og frostsikring det aller mest nødvendige.

Ei anna utfordring i denne tunnelen frå 1980 var lav køyrehøgde. Med 4,10 meter var det ikkje uvanleg at høge køyretøy tok borti tunneltaket eller høgdeavgrensaren og gjorde skadar på desse.

Også dette var eit arbeid Statens vegvesen sterkt ynskte å få gjort, då det ville gje meirverdi i form av betre køyreoppleving for trafikantane.

– Takka vera godt samarbeid med entreprenør BMO Tunnelsikring, fekk vi ordna det slik at når vi likevel var inne i tunnelen, fekk vi også auka køyrehøgda til 4,50 meter. Med det vart høgdeproblemet for køyretøy heilt vekke. I tillegg monterte vi kabelbru med lys i taket, slik at belysninga vart langt betre.

– Dette bidreg til å minimera ulempene for trafikantane

– Det er alltid avgjerande for Vegvesenet å freista å minimera ulempene for trafikantane. Med å gjera mykje arbeid når vi likevel var inne i tunnelen, vart det mindre ulemper for trafikantane enn om vi skulle gått inn seinare i same tunnel for å gjera eit nytt arbeid, seier Bråthen og Skjærbekk.

– Same arbeidsopplegg brukte me også i Suldalsporten, ein tunnel litt lenger ute på riksveg 13 langs Suldalsvatnet, då med gjorde tilsvarande arbeid der etterpå, avsluttar dei.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur