Illustrasjon: Code Arkitektur
Publisert: 27.01.2022 

Hardanger: Ein installasjon verdt ventetida

Ein pandemi, frakt av stål til havs heilt frå Kina og ruskever på Vestlandet. Utfordringane har stått i kø for det nye designbygget på Espenes, langs Nasjonal turistveg Hardanger. Men til sommaren skal bygget stå klart, trass i dei mange utfordringane.

Den gamle rasteplassen på Espenes i Ullensvang kommune blei borte etter rassikringa av riksveg 13. På den tomme flata skulle Statens vegvesen opna eit nytt moderne turistveganlegg med flott utsikt nordover Sørfjorden hausten 2021. Servicebygget med ein 64 meter lang og 4 meter brei takkonstruksjon i stål, med 12 takmodular i ulik høgde, halden oppe av massive stålsøyler, fundamentert på ei botnplate i betong, skulle markera Espeneset som ny tilvekst til attraksjonen Nasjonale turistvegar.

07Foto: Tor BenjaminsenSlik vart det ikkje. Ein pandemi kom imellom. Samfunn blei stengt ned. Heimekontor og byggemøter på Teams. Først i oktober kunne containerskipet «Yellow Sea» kaste loss frå Xiang hamn i Kina med stål til Bergen for vidare frakt til Espenes. Etter nær tre månader til havs, med fleire stopp undervegs, kunne stålet i containerbuken til slutt klappe til kai i Bergen den 16. januar.

Nummererte stålplater blir no plukka fram bit for bit på Espenes og sortert som eit stort puslespel. Store blanke plater blir sveisa saman til eit ni meter høgt servicebygg med toalett og teknisk rom. Samtidig varslar meteorologane eit nytt ruskever på Vestlandet med regn og vind i over ei uke. Dette betyr at sveisinga av bygget kan komme til å bli utfordrande og tidkrevjande, sjølv om arbeidet skjer under eit beskyttande tak.

Kommande sending frå Kina med stålet til takpaviljongen blei sendt frå Xiang 30. desember 2021. Om seglasen følgjer containerskipet «Yellow Seas» sin logg, reknar byggeleiinga med at stålet kjem til Bergen i mars. Om ikkje noko nytt uventa skjer, skal rasteplassen med servicebygg, takpaviljong og god parkeringsplass for både bussar og bilar kunna opnast sommaren 2022.

Arkitekt: Code arkitektur

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur