Her blir det gang- og sykkelvegbru og betra tilhøve for mjuke trafikantar. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 13.06.2023 

Her blir det gang- og sykkelbru

Statens vegvesen monterer gang- og sykkelvegbru på E134, nærare bestemt Mo i Etne.

På Mo i Etne skal Statens vegvesen montera ei gang- og sykkelvegbru langs E134.

Eit løft for mjuke trafikantar

Statens vegvesen jobbar for å betra tilhøva for gåande og syklistar, og jobbar for at det skal bli enklare for alle trafikantar å koma seg fram.

– Verdien av ein veg ligg i bruken, og betra tilhøve for mjuke trafikanter bidrar til å auka verdien på vegane vi har. Statens vegvesen er opptekne av å vera ein god vegeigar for alle som brukar riks- og europavegnettet, og derfor er vi glade for å kunna betra tilbodet til mjuke trafikantar slik som her, seier byggeleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.

Det har ikkje vore gang- og sykkelvegbru på Mo før, og ho leggjast ved sida av eksisterande bilbru.

Brua er ein del av Statens vegvesen sitt prosjekt med å byggja 500 meter ny gang- og sykkelveg langs E134 i Etne. Brua er ein del av dette prosjektet. Når brua kjem på plass, står berre asfalteringa att. Den skal på plass snarast mogleg.

Slik påverkar arbeida trafikken

For å gjera ulempene for trafikantane minst mogleg vert arbeidet gjort på kvelden og utover natta, den tida på døgnet då det er minst trafikk.

– Mindre køyretøy kan nytta Fossavegen/Litledalsvegen og Stødlevegen/Strondavegen til omkøyring den tida vi er nøydde til å stengja vegen. Vogntog må venta dei tre tre timane på natta der dette er aktuelt. Vi oppmodar tungtrafikken til å planleggja si lovpålagde kviletid ut frå dette, legg han til.

Desse tidspunkta er viktige å merka seg for trafikantane (som også vert oppmoda til å oppdatera seg via 175.no eller Vegvesen trafikk-appen):

  • Manuell dirigering (med stans inntil 15 minutt) frå 20. juni klokka 18.00 til 21. juni klokka 01.00.
  • Stengt frå 21. juni klokka 01.00 til 04.00.
  • ¤ Manuell dirigering (med stans inntil 15 minutt) frå 21. juni klokka 04.00 til 15.00 (viss det er behov)
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur