Her er området ved Bjørnsnestunnelen der det skal skredsikrast. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 24.01.2022 

Her sikrar Statens vegvesen mot skred

Måndag startar Statens vegvesen skredsikring ved Bjørnsnestunnelen på riksveg 5.

Jobben ved den 288 meter lange tunnelen mellom Førde og Florø startar fyrstkomande måndag, 24. januar klokka 19.00, og varar i fem veker.

Arbeidet medfører kolonnekøyring med ledebil gjennom Hornnes- og Bjørnsnestunnelen, og følgande stengeregime:

  • Stengt inntil 30 minutt frå klokka 19.00 - 23.00 og 05:30 - 07:00
  • Stengt frå klokka 23:00 - 02:00 og 02.00 - 05.30.

Stengetidene skal tilpassast passeringstidspunkt for buss i rute. Etter avtale med dirigent kan utrykkingskøyretøy passera.

Etter avtale med dirigent får fastbuande mellom tunnelane koma til og frå eigedommane sine, og til og frå Førde.

Det er Mesta som er entreprenør på jobben.

Bjørnsnestunnelen har ein gjennomsnittleg trafikk på 4.400 køyretøy i døgnet (det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk, forkorta ÅDT). 400 av desse køyretøya (eller 10 prosent) er tunge køyretøy.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur