Slik såg det ut då muren rasa ut i Minesvingen i haust. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 22.02.2021 

Ingen trafikk i Stalheimskleiva i år

Stalheimskleiva vert ikkje opna for trafikk i 2021.

– Dette gjeld alle formar for motorisert ferdsle, både motorsyklar, privatbilar og turistbussar, slår avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen fast.

Bakgrunnen for avgjersla er ei dramatisk hending i september i fjor.

Då rasa ein fire-fem meter høg mur ut i, og ein gravemaskin med førar fall 10-15 meter. Det er i ettertid avdekt fleire stader med utsette murar som kan rasa ut dersom ein set trafikk på.

Arbeidet tek tid

Arbeidet framover vil ta tid. Stalheimskleiva er verna og ligg i eit verdsarvområde. Dette gjer at tiltak må planleggast og godkjennast av rette instansar.

Samstundes er Statens vegvesen opptekne av å utføra arbeidet på ein måte som sikrar tryggleiken for dei som skal jobba og ferdast i området.

– Endå flottare enn me var klar over

– Arbeidet vårt har avdekt at Stalheimskleiva er eit endå flottare og endå meir fantastisk byggverk enn me har visst frå før, seier Finden.

Til no ukjende høge murar både i inner- og yttersvingar har kome til syne. Minekammer frå krigen har vorte grave fram. Unike smijernsrekkverk langs vegen vart på 1930-talet delvis støypt inn i betong, og bør no få sin renessanse. Statens vegvesen samarbeider med vernemyndigheitene for å finna gode løysingar for det vidare arbeidet.

– Her må vi i fellesskap legga ein god plan for å vareta og utvikla Kleiva. Stalheimskleiva er vårt svar på Den kinesiske mur. Å ta vare på den autentiske verdien er viktig, seier Finden.

Det vil fortløpande verta vurdert om det kan leggjast til rette for annan type ferdsel i delar av kleiva.

– Men det er uansett viktig å understreka at dette er eit anleggsområde, som ein ikkje kan gå inn i utan godkjenning, strekar Finden under.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur